Munnleg spørsmål fra Torgeir Knag Fylkesnes (SV) til næringsministeren

Om at vi treng ein offensiv næringsminsiter som tar alvoret med klimakrisa inn over seg, og om det er slik at statsråden sit på kontoret og ryddar i verkemiddel mens huset står i brann

Datert: 03.04.2019
Svart på: 03.04.2019 av næringsminister Torbjørn Røe Isaksen

Torgeir Knag Fylkesnes (SV)

Spørsmål

Torgeir Knag Fylkesnes (SV): Mitt spørsmål går til næringsminister Røe Isaksen.

Klimakrisa er menneska si desidert største utfordring. Demonstrasjonen utanfor her, der 40 000 elevar gjekk til klimastreik – mange av dei er kanskje her og følgjer med på denne spørjetimen i dag – er også eit vitnesbyrd om alvoret i situasjonen. Vi skal i løpet av elleve år halvere utsleppa i Noreg. Samtidig skal vi skape fleire hundretusen nye, grøne arbeidsplassar i næring og industri, som skal ta over for den rolla som petroleum har i dag, og vi må gjere det samtidig som vi reduserer forskjellane i samfunnet. Vi treng med andre ord ein ny, grøn deal, ein plan for korleis vi skal kome oss ut av den situasjonen vi er i i dag, slik vi gjer på samfunnsområde der vi har store utfordringar – f.eks. har vi Nasjonal transportplan, vi har ein forsvarsplan osv. Det blir på same måten som vi har løyst det i tidlegare tider når vi har stått overfor ei djup krise, i mellomkrigstida, slik som vi gjorde det etter krigen, og slik som vi planla da den første olja blei funnen – altså at staten går aktivt til verks.

Dette er jo ei utfordring som verkeleg er mat for ein offensiv næringsminister. Vi treng ein næringsminister som tar dette alvoret verkeleg inn over seg. Men i ei pressemelding frå regjeringa signaliserer statsråden kva som er hans viktigaste sak som næringsminister. Det er gjennomgang av verkemiddelapparatet. Han ønskjer å «bli bedre på å kutte ut ordninger som ikke fungerer, og prioritere det som fungerer». Og videre: «Vi vet ennå ikke hvilke endringer som vil komme ut av denne gjennomgangen …». Ikkje med eitt ord i denne varslinga frå statsråden seier han noko om den store krisa vi står overfor som samfunn. Er det slik at statsråden sit på kontoret og ryddar i verkemiddel mens huset står i brann?


Les heile debatten