Munnleg spørsmål fra Knut Arild Hareide (KrF) til utviklingsministeren

Om når regjeringas handlingsplan for matsikkerheit vil vere klar, og om statsråden kan love at handlingsplanen vil innebere eit betydeleg løft for bistanden til berekraftig og klimatilpassa landbruk

Datert: 07.11.2018
Svart på: 07.11.2018 av utviklingsminister Nikolai Astrup

Knut Arild Hareide (KrF)

Spørsmål

Knut Arild Hareide (KrF): Eg fortset i den rekkja som representanten Lars Haltbrekken gjorde, med nettopp å løfte fram spesialrapporten frå FNs klimapanel, som blei lagd fram for ein knapp månad sidan, på den dagen da statsbudsjettet blei levert til Stortinget. Rapporten seier at me må redusere klimagassutsleppa med 40–50 pst. innan 2030 for å vere i nærleiken av å unngå ei global oppvarming på over 1,5 grader. Men det som verkeleg er det nye med denne rapporten, er at FNs klimapanel for første gong fortel kva verknadene av ei global oppvarming på 1,5 grader kan vere. Ei av dei alarmerande beskrivingane her går bl.a. på matproduksjonen i verda og moglegheita for tilgang til reint vatn. Derfor går spørsmålet mitt til utviklingsministeren.

Det er allereie i dag millionar av menneske som svelt eller lid av under- og feilernæring. Dette er eit område der verda dessverre har gått i feil retning. Ifølgje FN var det 815 millionar menneske som var underernærte i 2016. Det er nesten 40 millionar fleire enn i 2015. Derfor er bistanden til auka matsikkerheit og klimatilpassa landbruk svært viktig. Auken i forslaget til statsbudsjett på dette feltet er gledeleg, men etter mi meining ikkje tilstrekkeleg.

Regjeringa har varsla ein handlingsplan for matsikkerheit mot slutten av året. Spørsmålet mitt er: Når vil han vere klar, og kan statsråden love at handlingsplanen vil innebere eit betydeleg løft for bistanden til berekraftig og klimatilpassa landbruk?


Les heile debatten