Munnleg spørsmål fra Knut Arild Hareide (KrF) til utenriksministeren

Om korleis utanriksministeren vurderer utviklinga hos vår viktigaste allierte USA, som trakk seg frå atomavtala med Iran, og kva strategi Noreg og regjeringa har i møte med ein amerikansk utanrikspolitikk som vi i beste fall kan seie er i endring

Datert: 16.05.2018
Svart på: 16.05.2018 av utenriksminister Ine M. Eriksen Søreide

Knut Arild Hareide (KrF)

Spørsmål

Knut Arild Hareide (KrF): Audun Lysbakken nemnte at president Trump den 8. mai trakk USA frå atomavtala med Iran. USA er vår viktigaste allierte, ein sentral handelspartnar, ei stormakt som Noreg har hatt stabile og gode relasjonar til over lang tid – relasjonar som har vore og framleis er veldig viktige for Noreg. No erfarer me ein amerikanske administrasjon som har lagt seg på ei ny, meir konfronterande og mindre føreseieleg utanrikspolitisk linje. President Trump har trekt USA ut av atomavtala med Iran. Dette skjedde trass i at Iran har halde seg til vilkåra i avtala, trass i kor avgjerande avtala er når det gjeld ikkje-spreiing av atomvåpen, og trass i sterke åtvaringar frå viktige allierte og avtalepartnarar, som Storbritannia, Frankrike og Tyskland.

I tillegg veit me at president Trump i fjor òg valde å trekkje USA ut av den veldig viktige Paris-avtala, klimaavtala. USA har under denne administrasjonen òg hoppa av handelsavtaler og innført handelshindringar på bl.a. stål og aluminium.

Mitt spørsmål er: Korleis vurderer utanriksministeren denne utviklinga hos vår viktigaste allierte, og kva strategi har Noreg og regjeringa i møte med ein amerikansk utanrikspolitikk som vi i beste fall kan seie er i endring?


Les heile debatten