Spørjetimespørsmål fra Kjersti Toppe (Sp) til justis-, beredskaps- og innvandringsministeren

Om at regjeringa vil gå inn for at fengselsdrifta ved avdeling Osterøy ved Bergen fengsel vert lagt ned frå juni 2019, og kva som har endra seg som kan forklare at regjeringa handlar stikk i strid med stortingsfleirtalet frå april

Datert: 16.05.2018
Svart på: 23.05.2018 av justis-, beredskaps- og innvandringsminister Tor Mikkel Wara

Kjersti Toppe (Sp)

Spørsmål

Kjersti Toppe (Sp): Stortinget har i anmodningsvedtak nr. 581 av 5. april 2018 vedtatt at avdeling Osterøy ved Bergen fengsel skal innlemmast i den pågåande KVU-en for Kriminalomsorgen region vest. I revidert nasjonalbudsjett kjem det fram at regjeringa ikkje vil rette seg etter Stortinget si vilje, men vil gå inn for at fengselsdrifta vert lagt ned frå juni 2019.
Er dette ein feil, eller kva har endra seg frå april som kan forklare at regjeringa handlar stikk i strid med stortingsfleirtalet?


Les heile debatten