Spørjetimespørsmål fra Kjersti Toppe (Sp) til helseministeren

Om kva regjeringa vil gjere for å styrke norsk svangerskapsomsorg og førebygge dødfødslar

Datert: 22.02.2018
Svart på: 28.02.2018 av helseminister Bent Høie

Kjersti Toppe (Sp)

Spørsmål

Kjersti Toppe (Sp): Ifølge ein rapport frå Den regionale perinatale komité i Helse Sør-Øst kunne ein tredjedel av barna som døyr i mors mage, vore redda. Gravide med innvandrarbakgrunn opplever i større grad dødfødslar enn andre gravide, og det same gjeld eldre og overvektige gravide. Fagfolk etterlyser betre oppfølging i svangerskapet av kvinner med risiko.
Kva konkret vil regjeringa gjere for å styrke norsk svangerskapsomsorg og førebygge dødfødslar?


Les heile debatten