Munnleg spørsmål fra Liv Signe Navarsete (Sp) til ministeren for samordning av EØS-saker og forholdet til EU

Om korleis det vil vere mogleg å sikre rimeleg energi til både industrien vår og det norske folket elles i framtida, når EU sine konkurransereglar forbyr Noreg å skjerme norsk industri, samstundes som me, ifølgje regjeringa sitt forslag, vil gi EU makt over infrastrukturen som overfører norsk energi

Datert: 06.12.2017
Svart på: 06.12.2017 av ministeren for samordning av EØS-saker og forholdet til EU Marit Berger Røsland

Liv Signe Navarsete (Sp)

Spørsmål

Liv Signe Navarsete (Sp): Mitt spørsmål går til EØS- og EU-ministeren.

Noreg er ein stor energinasjon. Gjennom å sikre norsk eigarskap og kontroll over nasjonen sine naturressursar, energien og viktig infrastruktur og forvalte dei klokt, har me bygt eit av verdas beste land å bu i. Noreg er ein avgjerande eksportør av energi til EU. Det er sjølvsagt attraktivt for EU å få meir kontroll over norsk energi og infrastrukturen som er knytt til den. Gjennom EU sitt energibyrå tar EU eit langt steg i retning av kontroll over infrastrukturen knytt til energioverføring – ikkje ved å eige, men gjennom å kontrollere.

Med planlagde eksportkablar for straum kan halvparten av norsk straum verte eksportert til EU i dag. I dag har me ein nordisk straummarknad med overskot av kraft, som gir låge prisar. Med fleire overføringskablar frå ein europeisk straummarknad – høge prisar.

No føreslår altså regjeringa å gi EU sitt energibyrå makt til å overvake og vedta reglar som sikrar at straumen flyt etter marknadsomsyn og etter EU sine ynske, ikkje våre eigne nasjonale omsyn. Korleis meiner statsråden det vil vere mogleg å sikre rimeleg energi til både industrien vår og det norske folket elles i framtida, når EU sine konkurransereglar forbyr Noreg å skjerme norsk industri, samstundes som me, ifølgje regjeringa sitt forslag, vil gi EU makt over infrastrukturen som overfører norsk energi?


Les heile debatten