Om kva tilbod som har vorte betre for innbyggjarane i Sogn og Fjordane etter flyttinga av operasjonssentralen for politiet frå Florø til Bergen
Datert: 29.11.2017 Svart på: 06.12.2017 av justis- og beredskapsminister Per-Willy Amundsen
Liv Signe Navarsete (Sp): Operasjonssentralen for politiet i Sogn og Fjordane vart 8. november 2017 flytta til Bergen. Den nye organiseringa skulle gje innbyggjarane eit betre tilbod enn dei hadde då operasjonssentralen låg i Florø.Kva tilbod har vorte betre for innbyggjarane i Sogn og Fjordane etter flyttinga?