Munnleg spørsmål fra Knut Arild Hareide (KrF) til statsministeren

Om at Riksrevisjonen har avdekt alvorlege manglar ved sikkerheita i Noreg, og om bildet av objektsikringa som Riksrevisjonen teiknar, var kjent for statsministeren

Datert: 19.04.2017
Svart på: 19.04.2017 av statsminister Erna Solberg

Knut Arild Hareide (KrF)

Spørsmål

Knut Arild Hareide (KrF): Dei tragiske hendingane 22. juli 2011 viste at Noreg som samfunn ikkje var godt nok forberedt på eit terrorangrep. I etterkant har me lært kor viktig det er å koordinere ressursane betre, kor viktig det er å få til eit godt samarbeid mellom politi og forsvar, og kor viktig det er at samfunnskritiske objekt er godt sikra. Statsminister Solberg tok grep da ho overtok. Statsministeren oppretta eit nasjonalt beredskaps- og sikkerheitselement ved Statsministerens kontor, og regjeringsplattforma var tydeleg: Sikkerheit og beredskap skulle prioriterast, Noreg skulle bli tryggare.

No er det likevel avdekt alvorlege manglar ved sikkerheita i Noreg. Riksrevisjonens dom er knallhard. Viktige objekt er ikkje sikra, og svikten kan utgjere ein fare for liv og helse. Kvar regjering må ta ein slik dom frå Riksrevisjonen på høgaste alvor. Justis- og beredskapsdepartementet og Forsvarsdepartementet har ikkje sørgt for å styrkje og betre samarbeidet mellom politiet og Forsvaret, slik Stortinget har føresett. Viktige tiltak som skal sikre godt samarbeid og gode førebuingar, er ikkje gjennomførte. Etter Riksrevisjonens meining er det sannsynleg at verken politiet eller Forsvaret, saman eller kvar for seg, vil vere i stand til å utøve tilstrekkeleg beskyttelse av viktige objekt når det gjeld ein trusselsituasjon. Samtidig skriv Riksrevisjonen i sin ugraderte rapport at regjeringa ikkje gir ei fullgod forklaring på kvifor arbeidet med objektsikring og grunnsikring ikkje er gitt nødvendig prioritet.

Mitt spørsmål er derfor: Var dette bildet av objektsikringa som Riksrevisjonen teiknar, kjent for statsministeren, eller var det ny kunnskap statsministeren fekk gjennom rapporten frå Riksrevisjonen?


Les heile debatten