Munnleg spørsmål fra Terje Breivik (V) til finansministeren

Om kva utfordringar finansministeren ser for norsk økonomi som følgje av klimautfordringane, og om ho etter vel tre år i regjering har fått andre perspektiv på dette området enn det hennar parti hadde for fire år sidan, og som delar av partiet framleis har

Datert: 18.01.2017
Svart på: 18.01.2017 av finansminister Siv Jensen

Terje Breivik (V)

Spørsmål

Terje Breivik (V): Spørsmålet mitt går til finansministeren.

Om få månader skal statsråden leggja fram Perspektivmeldingen 2017. Det teknologiske skiftet, oljeprisfallet, befolkningsendringane og klima- og miljøutfordringane betyr at me må tora å tenkja nytt for at Noreg skal vera eit minst like godt velferdssamfunn også om 20–30 år.
Som eit ledd i arbeidet med perspektivmeldinga har regjeringa det siste året arrangert fire opne seminar om tema som framtidas velferdssamfunn, utfordringar som følgje av at me vert eldre og eldre, innvandring og integrering og korleis norsk økonomi kan møta ein lågare oljepris. Dette er bra! Derimot har regjeringa ikkje arrangert eit tilsvarande seminar om det som openbert vil påverka norsk økonomi vel så mykje dei kommande åra: konsekvensane for økonomien som følgje av klima- og miljøutfordringane og internasjonale avtaler Noreg har forplikta seg til når det gjeld reduksjon av klimagassutslepp.
I samband med handsaminga av perspektivmeldinga for fire år sidan understreka alle partia – unnateke Framstegspartiet – at klimautfordringane saman med eit aukande tap av biologisk mangfald representerer eit alvorleg trugsmål mot livsgrunnlaget vårt. Eg har registrert at det framleis føregår eit løypande seminar i statsråden sitt parti og i stortingsgruppa til partiet om kor vidt ein skal leggja forsking og kunnskap eller tru til grunn i klimapolitikken.
Så spørsmålet til finansministeren er: Kva utfordringar ser ho for norsk økonomi som følgje av klimautfordringane, og har finansministeren etter vel tre år i regjering fått andre perspektiv på dette området enn det hennar parti hadde for fire år sidan, og som delar av partiet framleis har?


Les heile debatten