Munnleg spørsmål fra Knut Arild Hareide (KrF) til utenriksministeren

Om kva utanriksministeren tenkjer om valresultatet i USA, i lys av at me ser mange av dei same trendane i mange andre land

Datert: 09.11.2016
Svart på: 09.11.2016 av utenriksminister Børge Brende

Knut Arild Hareide (KrF)

Spørsmål

Knut Arild Hareide (KrF): Eg skal tilbake til det temaet eg tok opp i spørjetimen med utanriksministeren 2. mars 2016. Da stilte eg spørsmålet om kva utanriksministeren tenkte om at Donald Trump kunne bli USAs neste president. Da var det stortingspresidenten som til slutt klubba, og sa:

«Da er vi ferdig med det!»

Det skapte ei viss munterheit i salen. Eg trur noko av den munterheita er borte. Eg skal innrømme i dag at eg er både skuffa og òg overraska. Me lever i ei tid da historia blir skriven. Eg var klar for å ta imot den første kvinnelege presidenten i USA. No er det Donald Trump.
Det gir to utfordringar som eg har lyst til å utfordre utanriksministeren på. Den eine er: Eg var i vår i USA og følgde valkampen der. Der såg eg at Donald Trump var ei stemme for eit utanforskap – dei som har levd og sett at medianinntekta for ein vanleg amerikansk familie anten har stått i ro eller har falle dei siste 16 åra. Dei har mista jobbar, og dei kjenner seg utanfor. Dette er ikkje berre eit fenomen me ser i USA. Me har sett at globaliseringa har gitt oss auka vekstmoglegheiter og auka ressursar, men fordelinga er ikkje så rettferdig og så god som me alle hadde ønskt. Og det er ikkje berre eit fenomen i USA. Me kan gå òg til land i Europa. Brexit er blitt nemnd. Om ikkje så lang tid skal dei ha val i Frankrike, der me ser at kandidatar på ytre høgre fløy gjer det veldig godt.
Mitt spørsmål til utanriksministeren er: Kva tenkjer han om nettopp det valresultatet me no ser, òg i lys av mange av dei same trendane me ser i mange andre land?


Les heile debatten