Munnleg spørsmål fra Terje Breivik (V) til statsministeren

Om statsministeren er samd med Venstre i at Noreg heller bør gjera sitt for at folkerettslege prinsipp står seg gjennom flyktningekrisa det internasjonale samfunnet må handtera, framfor å vera ein pådrivar for å svekkja dei

Datert: 10.02.2016
Svart på: 10.02.2016 av statsminister Erna Solberg

Terje Breivik (V)

Spørsmål

Terje Breivik (V): Flyktningkrisa er ikkje berre utfordrande for Noreg, men har sett Europa og det europeiske samarbeidet og fellesskapet under sterkt press. 70 år etter at Winston Churchill heldt tale på Westminster College i Missouri: «an iron curtain has descended across the Continent», ser me meir enn konturane av at det same er i ferd med å skje igjen. Ikkje berre Noreg, men òg Europa treng klok, samlande og tryggleiksskapande leiarskap for å handtera det som truleg berre er starten på ei lengevarande, eskalerande humanitær krise, og som har styrke i seg til å skru det europeiske samhaldet fleire tiår tilbake. Dette er ein leiarskap statsministeren isolert sett er ein framifrå eksponent for nasjonalt og internasjonalt, sist med gjevarlandskonferanseinitiativet, kloke betryggjande uttalar i det offentlege rom, flyktningforliket ho tok initiativet til i haust – isolert sett fordi me har ein fagminister som i grell kontrast til statsministeren opptrer i regelen som ein kva helst slags spinndoktor frå eit ytterleggåande opposisjonsparti, ikkje som talsperson for eit ansvarleg regjeringsparti i mindretal.

Statsråd Listhaug bidreg diverre til å nøre opp under den uroa eg sjølvsagt er samd med statsministeren i at me skal ta på alvor, framfor å utøva den samlande leiarskapen me treng i ein så alvorleg situasjon. Leiande politikarar fryktar ikkje framtida, men ser moglegheiter og finn løysingar. Meir enn på lenge er det viktig å hegne om folkerettslege prinsipp og konvensjonar, ta internasjonalt ansvar. For eit lite land som Noreg har det historisk sett vore heilt avgjerande og eit viktig bidrag for at me er det trygge, privilegerte landet me alle nyt godt av i dag.

Spørsmålet er om statsministeren er samd med Venstre i at Noreg heller bør gjera sitt for at folkerettslege prinsipp står seg gjennom den krisa det internasjonale samfunnet må handtera, framfor å vera ein pådrivar for å svekkja dei.


Les heile debatten