Spørjetimespørsmål m.m.

Liste over munnlege spørsmål og spørjetimespørsmål frå representantane til statsrådane, spørsmål til presidentskapet og spørsmål ved slutten av møtet.

Avgrens utvalet

Finn spørjetimespørsmål etter

Sogn og Fjordane (1 - 13 av 13)

  • Spørjetimespørsmål fra Alfred Jens Bjørlo (V) til kommunal- og distriktsministeren

    Spørjetimespørsmål

    Datert: 04.04.2024

    Svart på: 10.04.2024 av kommunal- og distriktsminister Erling Sande

    Regjeringa endra i 2022 dei statlege retningslinene for lokalisering av statlege arbeidsplassar slik at større byar i andre landsdelar enn det sentrale Austlandet kom på same «fy-liste» som Oslo. Våren 2023 ba Stortinget regjeringa endre dette og fjerne byar som Bergen og Trondheim frå «fy-lista». Ifølgje Bergens Tidende 4. april 2024 er dette enno ikkje følgd opp av regjeringa, slik at til dømes Fiskeridirekoratet framleis vil unngå Bergen som lokaliseringsstad for nye stillingar. Stemmer dette, og korleis og kor raskt vil statsråden rydde opp?
  • Spørjetimespørsmål fra Alfred Jens Bjørlo (V) til næringsministeren

    Spørjetimespørsmål

    Datert: 29.02.2024

    Svart på: 06.03.2024 av næringsminister Jan Christian Vestre

    Om kva statsråden vil gjere for å hindre at 3 000 enkeltståande sjølvstendig næringsdrivande må avslutte si verksemd samtidig som statsråden arbeider med ein plan for at Noreg skal bli verdas beste land å starte og drive bedrift i
  • Munnleg spørsmål fra Alfred Jens Bjørlo (V) til kommunal- og distriktsministeren

    Munnleg spørsmål

    Datert: 14.02.2024

    Svart på: 14.02.2024 av kommunal- og distriktsminister Erling Sande

    Om kvifor statsråden har gitt grønt lys til å sprengje fjellet Aksla i Bremanger, i strid med alle faglege råd og til internasjonale protestar
  • Spørjetimespørsmål fra Alfred Jens Bjørlo (V) til klima- og miljøministeren

    Spørjetimespørsmål

    Datert: 08.02.2024

    Svart på på vegner av: Klima- og miljøministeren

    Svart på: 14.02.2024 av kommunal- og distriktsminister Erling Sande

    Om statsråden meiner at vedtaket om å tillate eit stort steinbrot på toppen av fjellet Aksla i Bremanger er i samsvar med lovnaden om at frå no av skal «naturen få sette rammene»
  • Spørjetimespørsmål fra Alfred Jens Bjørlo (V) til kunnskapsministeren

    Spørjetimespørsmål

    Datert: 01.02.2024

    Svart på: 07.02.2024 av kunnskapsminister Kari Nessa Nordtun

    Om statsråden vil sørge for at opplæringskontora framleis skal ha ei sentral rolle i fag- og yrkesopplæringa i det pågåande arbeidet med forskrifter til lova
  • Munnleg spørsmål fra Alfred Jens Bjørlo (V) til næringsministeren

    Munnleg spørsmål

    Datert: 17.01.2024

    Svart på: 17.01.2024 av næringsminister Jan Christian Vestre

    Om kva næringsministeren tenkjer om at norske investorarar i bedrifter i stor skala no flyttar ut av landet, at nesten ingen flyttar inn, og at utanlandske eigarar kjøper opp eller overtek norske selskap, og kva han eventuelt vil gjere med det
  • Spørjetimespørsmål fra Alfred Jens Bjørlo (V) til kultur- og likestillingsministeren

    Spørjetimespørsmål

    Datert: 11.01.2024

    Svart på: 31.01.2024 av kultur- og likestillingsminister Lubna Boby Jaffery

    Om kva statsråden vil gjere for å ta vare på og styrke NRK sitt nynorske fagmiljø i Førde, og om statsråden er samd med ordføraren i Sunnfjord om at vi no ser starten på ei nedbygging av dette fagmiljøet
  • Spørjetimespørsmål fra Alfred Jens Bjørlo (V) til kommunal- og distriktsministeren

    Spørjetimespørsmål

    Datert: 07.12.2023

    Svart på: 13.12.2023 av kommunal- og distriktsminister Erling Sande

    Om statsråden meiner at lokaliseringa av den nye etaten for eksportkontroll på Fornebu er i tråd med dei vedtatte retningslinjene for lokalisering av statlege arbeidsplassar og statleg tenesteproduksjon
  • Munnleg spørsmål fra Olve Grotle (H) til fiskeri- og havministeren

    Munnleg spørsmål

    Datert: 06.12.2023

    Svart på: 06.12.2023 av fiskeri- og havminister Cecilie Myrseth

    Om fiskeri- og havministeren synest det kaoset som no rår kring heilt grunnleggjande skattereglar for havbruksnæringa, er akseptabelt
  • Spørjetimespørsmål fra Alfred Jens Bjørlo (V) til arbeids- og inkluderingsministeren

    Spørjetimespørsmål

    Datert: 30.11.2023

    Svart på: 06.12.2023 av arbeids- og inkluderingsminister Tonje Brenna

    Om dei som driv verksemd med éin tilsett og eittpersonføretak kan halde fram med å levere tenester etter 1. januar 2024
  • Spørjetimespørsmål fra Olve Grotle (H) til finansministeren

    Spørjetimespørsmål

    Datert: 16.11.2023

    Svart på: 22.11.2023 av finansminister Trygve Slagsvold Vedum

    Om kva tid havbruksnæringa kan vente å få ei avklaring på prisrådet og alle spørsmål knytt til det
  • Spørjetimespørsmål fra Alfred Jens Bjørlo (V) til landbruks- og matministeren

    Spørjetimespørsmål

    Datert: 02.11.2023

    Svart på: 08.11.2023 av landbruks- og matminister Geir Pollestad

    Om statsråden vil, i påvente av lovendringar som forbyr hurtiveksande rasar fjørfe i Noreg slik Venstre allereie har foreslått, oppmode forbrukarar, matkjeder og leverandørar til ikkje lenger å kjøpe eller selje produkt frå hurtigveksande kyllingrasar
  • Spørjetimespørsmål fra Alfred Jens Bjørlo (V) til forsknings- og høyere utdanningsministeren

    Spørjetimespørsmål

    Datert: 19.10.2023

    Svart på: 08.11.2023 av forsknings- og høyere utdanningsminister Sandra Borch

    Om statsråden meiner det er fornuftig bruk av knappe ressursar i forskings- og utdanningssektoren og i tråd med regjeringa sin Tillitsreform at regjeringa grip inn og pålegg Universitetet i Oslo å sortere ut 100 000 av 1,4 millionar insekt i insektsamlinga på Tøyen for å flytte desse fysisk 34 kilometer og ein halvtime i bil til Ås i Akershus