Skriftleg spørsmål fra Alfred Jens Bjørlo (V) til finansministeren

Dokument nr. 15:964 (2021-2022)
Innlevert: 19.01.2022
Sendt: 20.01.2022
Rette vedkommende: Næringsministeren
Svart på: 27.01.2022 av næringsminister Jan Christian Vestre

Alfred Jens Bjørlo (V)

Spørsmål

Alfred Jens Bjørlo (V): Landbruksministeren uttaler til Nationen 19.01 at det er EØS som hindrar at anna næringsliv enn landbruk kan få støtte frå Regjeringa for å avhjelpe vinterens høge straumprisar.
Stiller finansministeren seg bak denne påstanden, og kan ministeren gjere greie for kva dialog regjeringa har hatt med ESA for å avklare det nasjonale handlingsrommet for å få på plass virkemiddel som kan hjelpe bedrifter som slit med høge straumprisar?

Grunngiving

Landbruksministeren er sitert på følgjande i Nationen 19.01, i samband med framlegginga av dei gledelege nyhenda om ei straumstøtteavtale for landbruket:

«Nå vil debatten komme på hvorfor ikke annet næringsliv får støtte, og det er på grunn av EØS. Så ærlig må man være (...) Det er EØS som gjør at annet næringsliv ikke kan få støtte.»

Senterparti-statsrådar har i det siste ved fleire høve blitt nøydd til å moderere i ettertid påstander om at EØS-avtalen hindrar innføring av nasjonal politikk i Noreg. Eg syner her mellom anna til diskusjonen knytt til lønnsstøtteordninga før jul, og til Landbruksministeren sine påstandar i brev til Stortinget i desember om at EØS-avtalen står i vegen for innføring av skjerpa krav til dyrevelferd i landbruket.
Når det gjeld straumstøtte til norske bedrifter i ei akutt straumkrise, er det på bakgrunn av Landbruksministeren sin kategoriske påstand om at dette er umulig, viktig for Stortinget å vite kva initiativ regjeringa har tatt for å utforske handlingsrommet innanfor EØS-avtalen for å hjelpe norske bedrifter som slit med høge straumprisar.
Eg syner her særskilt til at EU-kommisjonen i oktober 2021 la fram ei «verktøykasse» med tiltak medlemslanda kan nytte for å gje ulike former for straumstøtte både til hushaldningar og næringsliv. Det blir i denne verktøykassa peikt på at ei rekkje medlemsland allereie har sett inn tiltak for å avhjelpe dei høge straumprisane med økonomiske støtteordningar – og at småbedrifter i mange land er omfatta av slike tiltak. Det blir også peikt på at statsstøttereglene innanfor gitte rammer gjev fleksibilitet til å avhjelpe situasjonen.
Frå min og Venstre sin ståstad er det ein merkeleg kontrast mellom EU-kommisjonen si offensive verktøykasse for å hjelpe næringslivet i ei akutt straumkrise, og den norske Landbruksministeren sitt forsøk på å skubbe skulda for at den norske regjeringa ikkje vil gjere det same over på EU og EØS.
Eg ser fram til å få informasjon om kva faktagrunnlag Landbruksministeren har for sine sterke påstander, og kva innsats regjeringa har lagt ned for å utforske handlingsrommet for straumstøtte til norsk næringsliv innanfor EØS-avtalen.

Jan Christian Vestre (A)

Svar

Jan Christian Vestre: Som Landbruks- og matministeren har uttale, er landbrukssektoren utanfor EØS-avtalens verkeomområde. Det kan dermed gis "straumstøtte" til denne sektoren utan at EØS-regelverket om offentleg støtte legg avgrensingar eller føringar. Støtte til bedrifter i sektorar som liggjer til EØS-avtalens virkeområde reguleres derimot av EØS-reglane om støtte. Ei eventuell straumstøtte til desse sektorane må dermed lagast slik at den ikkje kjem i strid med dette regelverket.
EØS-retten er ikkje prinsipielt til hinder for å etablere insentivordningar som også dekkjer bedrifters straumkostnader, men den legg føringar som mellom anna skal ivareta konkurranseforholda i den indre marknaden.
EU-kommisjonen har komme med ei kunngjering om handtering av straumkrisa, der dei beskriv kva mogelegheiter som ligg i det eksisterande støtteregelverket, i tillegg til å mellom anna sjå på meir langsiktige løysingar for å sikre grøn omstilling og eit stabilt straumnettverk på sikt. Kunngjeringa omhandlar i stor grad langsiktige, strukturelle tiltak og omhandlar også tiltak for å avhjelpe situasjonen for forbrukarar. Vidare vises det til fordelane av langsiktige kraftavtaler og mogelegheita for å leggje til rette for denne typen avtalar. Kommisjonen peiker også på mogelegheita til å gi offentleg støtte til bedrifter for å avhjelpe høge straumprisar, innanfor rammene av støtteregelverket, men utan å konkretisere handlingsrommet i særleg grad.
Mange bedrifter har allereie økonomiske utfordringar på grunn av koronapandemien, og blir derfor ekstra hardt ramma av å også bli trufne av ei straumkrise. Bedrifter med minst 30 % omsetjingsfall vil kunne få ein del av straumutgiftene dekt gjennom kompensasjonsordninga for næringslivet. Gjennom denne ordninga vil bedriftene, avhengig av omsetjingsfall, kunne få opptil 85 % av sine straumkostnader, samt andre faste kostnader, dekt. Det er berre nokre dagar sidan Stortinget slutta seg til ordninger på over 20 milliardar kroner som skal hjelpe næringslivet ut av pandemien denne vinteren.
Vi må heile tida vurdere grensene mellom bedriftene og staten sitt ansvar. Det handler om korleis vi bruker midler frå fellesskapet. Bedrifter er vand til at priser i ulike markeder går opp og ned, mellom anna for råvarer, strøm og frakt. Spørsmålet blir da om staten skal kompensere for slike svingninger eller ikkje. No har vi ein helt spesiell situasjon med ekstraordinært høge strømprisar og difor følgjer vi utviklinga nøye. Regjeringa avviser ikkje at det kan bli aktuelt å vurdere nye grep. Vi har i den forbindelse også vore i kontakt med ESA for å diskutere kva handlingsrom EØS-reglane gir.