Skriftleg spørsmål fra Liv Kari Eskeland (H) til samferdselsministeren

Dokument nr. 15:945 (2021-2022)
Innlevert: 18.01.2022
Sendt: 19.01.2022
Svart på: 26.01.2022 av samferdselsminister Jon-Ivar Nygård

Liv Kari Eskeland (H)

Spørsmål

Liv Kari Eskeland (H): Kan jeg be om oversikt over dei 57 ferje-sambanda som har under 100 000 reisande pr. år, og korleis statsråden vil regulere effekten av at gratis ferje vil gje aukande trafikk?

Grunngiving

Statsråden har i svar til finansfraksjonen i forbindelse med budsjettet opplyst om at det vil vera i underkant av 60 ferjesamband som kan vente å bli gratis i løpet av 2022. Det er sjølvsagt av interesse å få ei oversikt over kva samband dette er. Det ville også vera av interesse å vite kor mange reisande det enkelte sambandet har, og om det er samband som ligg like over det magiske talet, og som med det ikkje får ta del i ei slik ordning. Vidare er det grunn til å tru at om eit samband vert gratis, vil ein oppleve ein auke i trafikken, og dei reisande må då få føreseielege rammer for kva som skjer med sambandet dersom ein overstig 100 000 passasjerar. Dette kan påverke korleis bedrifter på slike øy samfunn kan kalkulere sine kostnader for varer, tenester og anbod dei skal gje. Til sist er det på fleire samband lagt til rette for autopass som ikkje teller passasjerar men køyretøy, og det er sjølvsagt av interesse å vite korleis passasjertalet historisk vert vurdert for desse sambanda når tal passasjerar ikkje er å finne.

Jon-Ivar Nygård (A)

Svar

Jon-Ivar Nygård: Regjeringa ønskjer å fase inn gratis ferje på trafikksvake samband i 2022, og i Prop. 1 S Tillegg 1 (2021-2022) er det sett av 30 mill. kr til å gjere dette frå andre halvår 2022. Per i dag har Samferdselsdepartementet ikkje grunnlag til å detaljere tiltaket, men departementet vil kome med forslag til korleis tiltaket skal innrettast i tilknyting til revisjon av nasjonalbudsjett 2022 til våren.
I spørsmålet frå representanten blir det trekt fram fleire moment som vil bli vurderte i arbeidet med å lage dette forslaget, som mellom anna kva for samband som er tenkt å inngå i tiltaket. Grove overslag viser at det vil kunna vere mellom 50 og 60 samband med under 100 000 passasjerar. Statistikken må likevel kvalitetssikrast nærare før det vert presentert ei liste over kva for samband som vil kunna vere aktuelle til å falle inn under ordninga med gratis ferje.