Skriftleg spørsmål fra Mímir Kristjánsson (R) til barne- og familieministeren

Dokument nr. 15:892 (2021-2022)
Innlevert: 12.01.2022
Sendt: 12.01.2022
Svart på: 20.01.2022 av barne- og familieminister Kjersti Toppe

Mímir Kristjánsson (R)

Spørsmål

Mímir Kristjánsson (R): Hvordan jobber regjeringen for å hindre flere dommer i den Europeiske menneskerettighetsdomstolen knyttet til barnevernssaker?

Grunngiving

Norge har ved gjentatte anledninger blitt dømt i den Europeiske menneskerettighetsdomstolen for å ha krenket retten til familieliv i barnevernssaker. Retten til familieliv er nedfelt i Menneskerettskonvensjonens paragraf 8, og Norge er dømt for blant annet for streng samværspraksis etter omsorgsovertakelse og for ikke å ha lagt til rette for samvær som sannsynliggjør fremtidig gjenforening.

Kjersti Toppe (Sp)

Svar

Kjersti Toppe: Barnevernssakene for Den europeiske menneskerettsdomstolen (EMD) gjeld spørsmål om brot på retten til familieliv (artikkel 8) etter Den europeiske menneskerettskonvensjon (EMK). Nokon gjeld òg rett til rettferdig rettargang og rett til religionsfridom. Sakene omhandlar eit breitt spekter av vedtak som akuttvedtak, vedtak om omsorgsovertaking, restriksjonar i samvær og tvangsadopsjon.
EMD har per januar 2022 kommunisert 43 barnevernsklager mot Noreg. Hittil har EMD kunngjort 16 dommar, kor domstolen har konstatert krenking i 13 og ikkje-krenking i tre. I tillegg har domstolen avvist fire kommuniserte saker som openbert grunnlause. Ei av domfellingane er kunngjort i EMDs storkammer, Strand Lobben m.fl. mot Noreg, 10. september 2019. Storkammeret konstaterte òg 10. desember 2021 krenking av EMK art. 8 i saka A.I. mot Noreg.
Kritikken frå EMD har i hovudsak vore retta mot avgjerdsgrunnlaga og grunngivingane til barnevernet og domstolane, mellom anna knytt til plikta styresmaktene har til å arbeida for gjenforeining av barn og foreldre. I denne vurderinga har òg fastsetjing av samvær vore sentralt.
Eg tar på største alvor at Norge er dømt for krenking av menneskerettane. Dommane viser at det ikkje har vore tatt tilstrekkeleg omsyn til alle interessene i saka, og brot på menneskerettane er påvist. Det er alvorleg, og det er sett i verk ei rekke tiltak for å unngå nye krenkingar av menneskerettane i barnevernssaker.
Dommane frå EMD har vist at det har vore behov for å endre norsk barnevernspraksis på viktige område. Høgsterett har, i etterkant av avgjerda i Strand Lobben m. fl. mot Noreg i 2019, allereie komme med viktige føringar for korleis barnevernet skal forhalda seg til påpeikingane frå EMD. Det er sett i verk kurs retta mot domstolen og nemndene som avgjer vedtak om tvang i barnevernet for å informere om og implementere føringane frå EMD. Barne- og familiedepartementet har mellom anna stilt ressursar til disposisjon for Domstolsadministrasjonen til kompetansetiltak i domstolane om barnevernsfeltet.
Departementet sendte 10. juni 2020 eit brev til alle barnevernstenestene om klargjeringane frå Høgsterett og EMD. Bufdir har sett i verk omfattande kursing av barnevernstenestene om dommane frå EMD og Høgsterett.
Departementet legg til grunn at den praksisen som per i dag gjeld frå EMD, ikkje gir haldepunkt for at gjeldande barnevernlov er i strid med EMK. Høgsterett har òg, innanfor dei spørsmåla som retten har vurdert, lagt dette til grunn, men peika på at det er behov for enkelte justeringar i praksis.
Den nye barnevernslova som blei vedtatt av Stortinget i juni 2021 skal bidra til å sikre rettstryggleiken til både barn og foreldre. Den nye lova inneheld difor fleire presiseringar og gir utfyllande omtale i proposisjonen av våre menneskerettslege pliktar. Lova skal bidra til at praksis imøtekjem våre menneskerettslege forpliktingar. Lova gjer tydeleg retten barn og foreldre har til familieliv og målsetjinga om gjenforeining av barn og foreldre etter ei omsorgsovertaking. Samværsreglane er òg endra, og krav til dokumentasjon og grunngivingar kjem tydelegare fram. Departementet heldt i samarbeid med statsforvaltaren hausten 2021 innlegg for leiarane i barnevernstenestene i landet om den nye lova.
Noreg leverte 30 september 2021 vår tredje konsoliderte handlingsplan til Europarådets Ministerkomité om oppfølginga vår av dommar frå EMD. I planen skildrar vi individuelle tiltak som er gjennomførd retta mot partane i ei sak der EMD har konstatert krenking (utbetaling av erstatning og sakskostnadar). I tillegg vert det skildra generelle tiltak som ny barnevernslov og informasjonsverksemd retta mot barnevernssektoren og domstolane for å implementera føringar frå EMD. Departementet er i dialog med Ministerkomiteen om nye handlingsplanar om vår oppfølging av dommane.
Det er viktig for regjeringa å styrkje rettstryggleiken til både barn og foreldre som er i kontakt med barnevernet. Mandatet til Barnevernsutvalet er endra. Dei viktigaste endringane i mandatet er at EMD-sakane kjem tydelegare fram i mandatet, som bakgrunn for at behovet no er ein gjennomgang av rettstryggleiken. Mandatet dekker alle ledd av barnevernet, både i kommunalt barnevern og i institusjonsbarnevernet, ikkje berre dei mest alvorlege sakene. Det er tydeleggjort at utvalet skal sjå på både barnet og foreldra si rettstryggleik. I dette ligg også at utvalet skal vurdere tilsynsmyndigheita si rolle i å trygge rettstryggleiken. Barnevernet sitt ansvar for å følgje opp alle familiar med tanke på ei mogeleg tilbakeføring etter omsorgsovertaking, kjem tydelegare fram. Barnet sjølv, foreldre og sysken skal alle følgjast opp med tanke på tilbakeføring. Mandatet peiker særskilt på behovet for å greie ut ei andrehands vurdering av akuttplasseringar, slik òg Hurdalsplattforma peiker på. Regjeringa vil følgja opp innstillinga frå utvalet, som kjem i mars 2023.
Barnevernssaker er ofte kompliserte og inneber mange vanskelege avvegningar. Avgjerdene styresmaktene tar i slike saker får stor innverknad på barn og foreldre. Dersom det blir gjort feil, kan dette ha store konsekvensar for dei det gjeld. Eg er difor svært opptatt av at vi lærer av desse sakene. Korrektiva frå EMD viser at det er nødvendig å jobba systematisk og breitt for å sikra at praksis er i tråd med menneskerettane.
Det er alvorleg at Noreg er dømt i EMD i fleire saker. Samstundes har EMD i nokon saker merka seg at dei nasjonale rettsprosessane har vore gode og at norske domstolar og barnevernsmyndar har jobba godt med å møta det EMD har peika på i dommane sine mot Noreg. EMD vektlegg at rettstryggleiken til foreldra òg har vore godt varetatt av norske myndigheiter i desse sakene. I avgjerda i storkammer 10. desember 2021 i A.I. mot Noreg, peika òg storkammeret på at norske styresmakter allereie har satt i verk tiltak for å følgje opp dommane.
Eg vil halde fram med arbeidet med å tryggje at barn og foreldre som treng hjelp frå barnevernet skal få dette på ein trygg og forsvarleg måte, slik at vi kan unngå nye saker for EMD.