Skriftleg spørsmål fra Birgit Oline Kjerstad (SV) til næringsministeren

Dokument nr. 15:694 (2021-2022)
Innlevert: 15.12.2021
Sendt: 16.12.2021
Svart på: 23.12.2021 av næringsminister Jan Christian Vestre

Birgit Oline Kjerstad (SV)

Spørsmål

Birgit Oline Kjerstad (SV): Utviklinga i design- og ferdigvareindustrien i Norge er avhengig av rammevilkåra for bransjen. I mitt heimfylke Møre og Romsdal er denne industrien stor. Vi har møbel, tekstil, plastvare og anna ferdigvareindustri. Design- og ferdigvareindustrien har dårligere rammevilkår i Norge enn i våre naboland. Partene i bransjen har sett dette på dagsorden og bedt Regjeringa om 50 millioner kr til eit eksportkontor med bransjespesefikke satsingar for auka eksport.
Kva vil regjeringa gjere for å fylgje opp den ønska bransjesatsinga?

Grunngiving

Norge har ein stor design- og ferdigvareindustri med ca. 60 000 tilsette, ein produksjonsverdi på 120 mrd. kr der 6 % av dette, 65 mrd. kroner kjem frå eksport. Møre og Romsdal har en stor del av denne industrien. Møbelindustri men også tekstilindustri og andre ferdigvarer. Design- og ferdigvareindustrien skil seg noko ut frå den andre eksportindustrien i Norge ved at den i liten grad er bygd på naturgitte føremonar. Over år har bransjen bygd ein kompetanse som er verdensleiande innan automasjon og den har svært dyktige fagarbeidarar. Norsk design er verdensleiande. Vi har gode utdanningar innen design, og denne kompetansen har industrien klart å utvikle videre. Det har gitt ein høg videreforedlingsgrad, og høg verdiskaping. Det siste som må nemnast er merkevarebygging, der flere vrksemder i denne bransjen og i Møre og Romsdal, har bygd merkevarer godt kjent utanfor Noreg sine grenser.
Medan fleirtalet av eksportindustriane vi har i Noreg og i fylket sel sine varer til marked der prisane er sett på verdensmarknadsnivå, så sel design- og ferdigvareverksemdene produkta sine på opplevde verdiar av produktet eller merkevara. Produksjonskostnader er sjølvsagt viktig, men det er imponerande korleis industrien klarer å få ein merverdi for sine produkt i konkurranse med liknande produsenter fra ei rekke lavkostnadsland.
Design- og ferdigvareindustrien trenger no eit eksportkontor. Dette kontoret må få verkemidlar som møter trongen til finansiell risikoavlasting for eksportutviklingsprosjekt og ei sterkare satsing på profilering av norsk design mellom anna på eksportmesser. Andre bransjer har sine eksportkontorer som har lykkast godt.
Ordninga med investeringstilskott, som allereie finst, må giast heilt andre rammer enn i dag. Denne EØS-godkjente ordninga kan gi støtte til bygg og maskininvesteringar. Frå bransjen er eg gjort kjent med eksempler på at verksemder i møbelindustrien i Sverige har fått opptil 20 % investeringstilskott for bygg og maskiner, og på andre sida av Østersjøen er prosenten endå høgare.
Det tredje er at det trengst å opprettast eit kompetansesenter for møbel, interiør, tekstil, mote og sportsbransjane. Desse bransjane går no saman for å styrke FOU og innovasjon, og skal etablere Plusslab med kontor både i Sykkylven og i Oslo.

Jan Christian Vestre (A)

Svar

Jan Christian Vestre: Denne regjeringa skal føre ein aktiv og framtidsretta næringspolitikk. Ved å sørgje for rammevilkår som gir bedrifter over heile landet gode mogelegheiter til utvikling, skal vi leggje til rette for nye lønsame og framtidsretta arbeidsplassar.
Også for design- og ferdigvareindustrien, som favner eit bredt spekter av bransjar og bedrifter, er dei generelle rammevilkåra svært viktige. Næringa baserer konkurranseevna si på spisskompetanse innanfor design og merkevarebygging, erfaringsbasert innovasjon, og høg grad av automatisering og digitalisering. For å vekse er båe store og små aktørar avhengige av å ha tilgang på riktig kompetanse, ny teknologi og investeringskapital, samt god tilgang til sine marknader.
Design- og ferdigvareindustrien har tilgang til landsdekkjande og regionale ordningar frå det statlege verkemiddelapparatet, på lik linje med andre næringar. Ulike låne- og tilskotsordningar og andre tenester med vekt på kompetanseheving, innovasjon og eksportfremme, kan bidra til å understøtte utviklinga i bedrifter også i denne industrien. I Hurdalsplattforma er det ein ambisjon om å gå gjennom det næringsretta verkemiddelapparatet, med sikte på å forenkle, gjere meir tilgjengeleg og styrkje ordningane som skal fremje vekst. Vi ser no nærare på korleis vi skal følgje opp dette. Som næringsminister har eg allereie tatt grep for å få til ein felles digital inngang, "ein veg inn", til heile verkemiddelapparatet, slik at bedrifter lettare finn fram og får oversikt over ordningane.
Mange bedrifter i design- og ferdigvareindustrien har hatt god utvikling dei siste åra, og lykkast i både inn- og utland. Det kan vere eit potensial for ytterlegare vekst, særleg ved å utnytte moglegheitene i eksportmarknadane i større grad. Ei rekke offentlege eksportretta verkemidlar kan vere relevante for design- og ferdigvareindustrien i samband med dette. Innovasjon Norge tilbyr båe rådgjeving- og kompetansetenester for å fremje bredda av norsk næringsliv i utlandet og organiserer også bidrag på internasjonale messer i utlandet. I tillegg kjem Eksportfinansiering Norge sitt tilbod om finansiering til kjøp av norske eksportvarer og -tenester og andre garantiprodukt som støtter opp om norske eksportørar. Utanriksstasjonane hjelper dessutan norsk næringsliv gjennom myndigheitskontakt, som døropnar til lokale marknader og gjennom bistand til problemløysing og konsulære saker. Desse verkemidla og organa/etatane er innretta slik at dei skal kunne vere relevante for alle norske bedrifter, uavhengig av bransje.
Når norske bedrifter velgjer å satse utanlands, får dei moglegheiter til å nå nye og større marknader, utnytte ressursane sine betre og utvikle seg vidare. I tillegg kan norske eksportbedrifter bidra til å spre løysningar som fremmer ei meir berekraftig utvikling globalt. Dette er noe av bakgrunnen for at det i Hurdalsplattforma er eit mål om å tilrettelegge for at fastlandseksporten skal auke med 50 prosent innan 2030. Det vil kreve innsats frå alle parter, både næringsaktørar og myndigheiter, men vi skal gjere vårt, ved å styrkje eksisterande eksportutviklingsordningar og identifisere nye tiltak som raskt kan settast i verk.
Regjeringa si eksportsatsing er høgt prioritert og vil i høgste grad vere relevant også for design- og ferdigvareindustrien. Dette er noe vi vil arbeide vidare med i dialog med ulike deler av næringslivet. Vi har merka oss innspela frå mellom anna Norsk Industri og vil vurdere desse nærare. Mitt mål er at satsinga skal favne bredt, og treffe ikkje berre flest mogleg, men best mogleg. Lukkast vi, vil vi få betydeleg gevinst i form av auka verdiskaping og fleire arbeidsplassar i eksportretta bedrifter, også i design- og ferdigvareindustrien.