Skriftleg spørsmål fra Kjell Ingolf Ropstad (KrF) til arbeids- og inkluderingsministeren

Dokument nr. 15:494 (2021-2022)
Innlevert: 26.11.2021
Sendt: 26.11.2021
Svart på: 06.12.2021 av arbeids- og inkluderingsminister Hadia Tajik

Kjell Ingolf Ropstad (KrF)

Spørsmål

Kjell Ingolf Ropstad (KrF): Regjeringen har foreslått å endre avkortingsreglene i uføretrygden, slik at fribeløpet på 0,4G fjernes og det innføres halv avkorting til 1,2G. Dette berører også uføre pårørende som har inntekter fra helse- og omsorgsytelser for omsorgsoppgaver de utfører, f. eks. omsorgsstønad.
Hva er provenyeffekten i 2022 dersom man legger til grunn at inntekter fra helse- og omsorgsytelser som omsorgsstønad ikke skal avkortes, gitt at et slikt forslag er praktisk mulig å gjennomføre og at regjeringens forslag for øvrig vedtas?

Hadia Tajik (A)

Svar

Hadia Tajik: I Prop. 1 S (2021–2022) er det føreslått å endre regelen for reduksjon av uføretrygd mot pensjonsgjevande inntekt. Gjennom budsjettavtalen, som vart inngått av Arbeiderpartiet, Senterpartiet og Sosialistisk venstreparti måndag 29. november, blir dette forslaget ikkje vedtatt.
Premissa for spørsmålet er difor ikkje lenger aktuelle.
Eg vil for ordens skuld leggje til at omsorgsstønad blir rekna som pensjonsgjevande inntekt. Dette inneber at omsorgsstønad – på same måten som anna pensjonsgjevande inntekt – både gjev opptening til uføretrygd (samt alderspensjon mv.) og reduksjon ved samstundes mottak av uføretrygd og omsorgsstønad. Omsorgsstønad er ei kommunal yting, og Arbeids- og velferdsdirektoratet har ikkje registerdata over kven av dei uføre som mottek omsorgs-stønad. Kor mykje den einskilde får i omsorgsstønad per time blir fastsett av den einskilde kommune.
Det er i dag ikkje mogleg for Arbeids- og velferdsetaten å skilje ut omsorgsstønad frå anna pensjonsgjevande inntekt. Eventuelle unntak for omsorgsstønad ville innebere manuell handtering for kvart år eller at det blir oppretta ein eigen kode i a-ordninga, ei endring som Skatteetaten ev. må gjennomføre.