Skriftleg spørsmål fra Frank Edvard Sve (FrP) til finansministeren

Dokument nr. 15:448 (2021-2022)
Innlevert: 23.11.2021
Sendt: 23.11.2021
Rette vedkommende: Samferdselsministeren
Svart på: 01.12.2021 av samferdselsminister Jon-Ivar Nygård

Frank Edvard Sve (FrP)

Spørsmål

Frank Edvard Sve (FrP): Kan finansministeren bekrefte om finansdepartementet har godkjent at prosjektet KJERRINGSUNDET i Møre og Romsdal, har fått løyve til å leggje til grunn i finansieringa av prosjektet eit prinsipielt grunnlag om å kunne berekne framtidige eigedomsskatteinntekter inntil 20 år fram i tid?

Grunngiving

Møre og Romsdal fylkeskommune arbeidar med realisering av eit ferjeavløysingsprosjekt Kjerringsundet, som er eit samrøre med prosjektet Møreaksen, som store delar av befolkninga i Møre og Romsdal er sterkt imot.
Møre og Romsdal fylkeskommune har lagt til grunn at dette prosjektet kan realiserast dersom prosjektet kan sansynliggjere såkalla sjølvfinansiering, utan fylkeskommunal økonomisk deltaking.
Prosjektet har i sine økonomiske anslag, lagt til grunn bruken av eigedomsskatt og andre inntekter til kommunen, deriblant også lagt til grunn "framtidige" inntekter frå eigedomsskatt.
Diskusjonen som har vore i Møre og Romsdal fylke, har gått på om det er "godkjent" eller er imøtegått eit prinsipp og om det vil kunne bli godkjent frå finansdepartementet og regjeringa og gjennom ei bompengepropp behandling, der ein legg til grunn inntekter som ein ikkje har fått, men som framtidig eigedomsskatteinntekter i eit tidsrom som foreslått i Kjerringsundprosjektet, på inntil heile 20 år.
Det å leggje til grunn inntekter ein ikkje kan garantere å få, eller inntekter ein ikkje har, blir i så fall ei heilt nytt prinsipp i finansiering av vegprosjekt her i landet.

Jon-Ivar Nygård (A)

Svar

Jon-Ivar Nygård: Spørsmålet er sendt meg frå finansministeren då Samferdselsdepartementet er sektorstyresmakt for veg.

Samferdselsdepartementet kan opplyse om at Kjerringsundet er eit fylkeskommunalt prosjekt og at fylkeskommunen legg opp til delvis bompengefinansiering av prosjektet. Departementet har etter avvikling av sams vegadministrasjon ikkje innsikt i dei fylkeskommunale prosjekta før dei evt. skal fremme ein bompengeproposisjon for Stortinget. Fylkeskommunen utarbeider bompengeproposisjonen og sender til Statens vegvesen for kvalitetssikring før den blir send til departementet. Proposisjonen og finansieringsplanen må følgje retningslinjene, bl.a. for ferjeavløysningsmidlar og leggje opp til eit finansieringsløp i tråd med bompengeavtalen mellom staten og dei regionale bompengeselskapa.

Departementet kjenner til at det går føre seg eit arbeid lokalt med å få på plass eit fagleg grunnlag for bompengesaka. Statens vegvesen har foreløpig ikkje fått saka til kvalitetssikring og departementet kjenner derfor ikkje til kva for føresetnader som ligg til grunn for finansieringa av prosjektet.

Ettersom Samferdselsdepartementet ikkje kjenner til detaljane i finansieringsopplegget kan departementet ikkje uttale seg om saka på noverande tidspunkt.