Skriftleg spørsmål fra Kjell Ingolf Ropstad (KrF) til arbeids- og inkluderingsministeren

Dokument nr. 15:428 (2021-2022)
Innlevert: 19.11.2021
Sendt: 22.11.2021
Svart på: 01.12.2021 av arbeids- og inkluderingsminister Hadia Tajik

Kjell Ingolf Ropstad (KrF)

Spørsmål

Kjell Ingolf Ropstad (KrF): Regjeringen har foreslått å forlenge flere særregler for omsorgspenger t.o.m. 30. juni 2022 ifb. pandemien. Barn under tolv år er ikke vaksinert og det vil fortsatt være viktig at disse holdes hjemme ved mistanke om smitte. Samtidig ble ikke ordningene med dobbel kvote for omsorgspenger og rett til overføring av dager med omsorgspenger mellom foreldre videreført.
Hva er årsaken til det, og hva er provenyeffekten i 2022 av å videreføre dobbel kvote for omsorgspenger og overføring av dager mellom foreldre t.o.m. 30. juni 2022?

Grunngiving

Koronapandemien er ikke over, og smitten har tiltatt igjen etter at Solberg-regjeringens forslag til statsbudsjett ble fremlagt. Barn under tolv år er særlig utsatt for smitte da de ikke er vaksinert. Det er sannsynlig at det vil bli stort behov for at foreldre er hjemme med barn ved mistanke om smitte også etter nyttår. Dobbel kvote for omsorgspenger og rett til overføring av dager med omsorgspenger mellom foreldre kan gjøre det lettere for foreldre å følge myndighetenes råd om å holde barn hjemme ved mistanke om smitte. Disse tiltakene kan være samfunnsøkonomisk lønnsomme, fordi de kan bidra til bedre etterlevelse av smittevernråd og et mer kontrollert forløp i smitteutviklingen og dermed redusere behovet for langt mer kostbare og inngripende tiltak.

Hadia Tajik (A)

Svar

Hadia Tajik: Dei mellombelse tiltaka i samband med koronapandemien har to føremål. Smitteverntiltaka skal hindre smitte, og økonomiske tiltak skal bøte på uheldige konsekvensar av smitteverntiltaka for bedrifter og privatpersonar. Særreglane som er innført for sjukepengar og omsorgspengar dekkjer det økonomiske tapet enkeltpersonar elles ville fått ved å følgje tilrådingar helsestyresmaktene gjev om smittevern. Dei støtter såleis opp om etterlevinga av tilrådingane, og hindrar med det smitte av covid-19. Samstundes bør me avvikla dei mellombelse tiltaka så snart situasjonen tilseier det og vente med å forlengje tiltak me ikkje no veit om er naudsynte.
Kvotene for omsorgspengar gjeld for eit kalenderår. Sjølv om det er mykje smitte i samfunnet no, veit me ikkje korleis situasjonen er om to til tre månader. Regjeringa har difor vurdert at det førebels ikkje er naudsynt med doble kvoter med omsorgspengedagar for 2022. Me fører vidare retten til omsorgspengedagar ut over kvota dersom barnet må haldast heime grunna særlege smittevernomsyn hos barnet eller hos eit familiemedlem barnet bur med. Dette vil ta vare på barn og familiar som er særleg sårbare for smitte. Dersom me i tillegg skulle ha vidareført doble kvotar i 2022, er dette på usikkert grunnlag berekna å auke utgifta til omsorgspengar med om lag 30 mill. kroner.
Som ei følgje av auka smitte den siste tida, vil regjeringa videreføre retten til omsorgspengedagar når skular og barnehagar er heilt eller delvis stengde. Me vil difor vurdere om òg retten til å overføre omsorgspengedagar mellom foreldre i periodar der skular og barnehagar er heilt eller delvis stengde skal videreførast. Situasjonen er likevel ikkje den same som den var våren 2020. Dei fleste skular og barnehagar vil som hovudregel løyse usikre smittesituasjonar med testing. Av denne grunn er en vidareføring av tiltaket ikkje berekna å gi auka utgifter til folketrygda av særleg omfang.
Smitten har den siste tida auka sterkt, og utviklinga vidare er svært usikker. Regjeringa følgjer situasjonen tett, og vil raskt kunne innføre naudsynte tiltak.