Skriftleg spørsmål fra Kjersti Toppe (Sp) til olje- og energiministeren

Dokument nr. 15:2895 (2020-2021)
Innlevert: 29.08.2021
Sendt: 30.08.2021
Rette vedkommende: Næringsministeren
Svart på: 06.09.2021 av næringsminister Iselin Nybø

Kjersti Toppe (Sp)

Spørsmål

Kjersti Toppe (Sp): Kan statsråden gjere greie for departementet sitt eigarstyringsdokument overfor Statskraft for 2021, spesielt med omsyn til Statskraft sitt eigarskap i BKK og korleis Statskraft sine 4 styrerepresentantar i BKK skal opptre i dei pågåande omstillingane kor det føreligg planar for å legge ned ei av avdelingane til BKK Produksjon, der viktige lokale arbeidsplassar i vertskommunane skal tenesteutsettast?

Grunngiving

BKK planlegg for at 22 tilsette i anleggsavdelinga skal miste arbeidet og at tenestene i staden skal tenesteutsettast og leggjast ut i marknaden. Statskraft sitt eigarskap i BKK er industrielt, og i følge Statskraft sine nettsider betyr det bl.a. "å bruke sin erfaring og kompetanse til å videreutvikle disse selskapene industrielt. Målet er å maksimere den langsiktige verdiskapingen" Statskraft sin eigardel i BKK er på 43,4 prosent.
På nettsidene til Statskraft står det at Statskraft skal engasjere seg i sivilsamfunnet på mange måtar (...), og ha eit arbeidsmiljø som er prega av inkludering og gjensidig respekt. Tenesteutsetting av lokale arbeidsplassar i BKK blir no møtt med sterkt misnøye både frå vertskommunane og frå dei tilsette sine organisasjonar.

Iselin Nybø (V)

Svar

Iselin Nybø: Rammene for staten sitt eigarskap i Statkraft går fram av eigarmeldinga, som blei lagt fram for Stortinget i 2019. I meldinga går det fram at grunngjevinga for staten sitt eigarskap i Statkraft er å eige norske vasskraftressursar samt å oppretthalde eit leiande teknologi- og industriselskap med hovudkontor funksjonar i Noreg. Staten sitt mål som eigar er høgast mogeleg avkastning over tid.
Det går og frem av eigarmeldinga at staten sitt eigarskap skal utøvast i tråd med rollefordelinga i selskapslovgjevinga og i tråd med anerkjende prinsipp for eigarstyring og selskapsleiing.
Ein følge av dette er at det er Statkraft sitt styre og leiing som har ansvaret for drifta av selskapet. Dette inkluderer også avgjerd og vurderingar i samband med eigarskapet i BKK og dei disponeringane Statkraft gjer i tilknyting til dette.