Skriftleg spørsmål fra Kjersti Toppe (Sp) til samferdselsministeren

Dokument nr. 15:2723 (2020-2021)
Innlevert: 03.08.2021
Sendt: 03.08.2021
Svart på: 12.08.2021 av samferdselsminister Knut Arild Hareide

Kjersti Toppe (Sp)

Spørsmål

Kjersti Toppe (Sp): Vestlandet har opplevd steinras i tre tunnelar i løpet av to dagar. Berre flaks har gjort at liv ikkje har gått tapt. Statens Vegvesen har uttalt at det ikkje er grunn til å endre vedlikehaldsrutinane.
Er statsråden einig i dette, vil statsråden gjere greie for tunneltryggleiken på vegane i Vestland fylke og tiltak for at tunneltryggleiken kan bli betre, inkludert varsling av andre naudetatar ved ulykker?

Grunngiving

Torsdag 29. juli falt ein stein frå taket i Trodalstunnelen på E39 i Masfjorden. Frudalstunnelen på riksveg 5 i Sogndal vart stengt i ein periode same dag, også den på grunn av stein i vegbana. Fredag 30. juli vart Fjærlandstunnelen stengt på grunn av steinras.
I Trodalstunnelen traff steinraset ein bil, som blei knust og totalvraka. Avdelingsdirektør i Statens Vegvesen uttalte til BT 31. juli at tunnelar er noko av det tryggaste ein kan ferdast i, og at det ikkje er noko som tilseier at Vegvesenet må endre vedlikehaldsrutinane sine.
Trodalstunnelen var undersøkt av vegvesenet berre nokre dagar før ulykka. Då ulykka hende, vart ikkje brannvesen eller ambulanse informert, og politiet kom ikkje til staden før etter ein halvtime.
Det overordna ansvaret for trafikktryggleiken er politisk. Samferdsledepartementet fekk i 2016 kritikk frå Riksrevisjonen om manglande tryggleiksforvaltning av norske tunnelar.
I Nasjonal Transportplan var det lite fokus på arbeidet som blir gjort for at norske tunnelar har ein kvalitet i tråd med krava i tunneldirektivet.
Spørsmålsstillar ber om ei oversikt over det arbeidet som blir gjort for å sikre tunneltryggleiken på Vestlandet, og om statsråden meiner at rutinar for vedlikehaldsarbeid er gode nok i dag.

Knut Arild Hareide (KrF)

Svar

Knut Arild Hareide: Det skal vere trygt å ferdast på norske vegar og tunnelane blir stadig tryggare. Nye tunnelar blir bygde med strengje krav til tryggleik for trafikantar, og det blir brukt store ressursar på å ruste opp tunnelar som er opne for trafikk.
Sida 2015 har Statens vegvesen hatt eit program for oppgradering av 140 riksvegtunnelar over heile landet. Dette er eit pågåande arbeid som i hovudsak omfattar branntryggleik, redning og elektrisk utstyr i tunnelane. I perioden 2015-2021 har det blitt prioritert over 15 milliardar kronar til vedlikehald og fornying av riksvegtunnelar. Det har gjort at vedlikehaldsetterslepet på riksvegnettet har blitt redusert for fyrste gong på fleire tiår. I 2021 skal Statens vegvesen bruke 520 millionar til vedlikehald av tunnelane.
I Nasjonal transportplan 2022-2033 (NTP) er det lagt opp til å bruke 11,4 milliardar kronar til fornyingstiltak i fyrste seksårsperiode, som i hovudsak skal bli brukt til å innfri tunneltryggleiks- og elektroforskriftene på riksvegnettet. I NTP er også vegprosjekt som erstattar tunnelar som ikkje tilfredsstiller dagens krav til tryggleik høgt prioritert. Dette gjeld bl.a. E16 Arna-Stanghelle i Vestland. Det er i NTP 2022-2033 lagt opp til at fylkeskommunane skal bli kompenserte for meirkostnadene i løpet av planperioden, slik at tunnelane på fylkesvegnettet blir utbetra i tråd med krav i tunnelforskrifta for fylkesveg.
Statens vegvesen arbeider målretta med tryggleiken i tunnelar. Både gjennom oppgraderingar og vedlikehald, men også i forskings- og utviklingssamanheng. Regimet for tryggleik og kontroll med norske tunnelar er svært strengt, og som ein del av drifta av vegnettet blir alle tunnelar sjekka visuelt nesten kvar einaste dag. Ein uavhengig inspeksjon av utstyr og verneplanar skal gjerast kvart 6. år av alle riksvegtunnelar over 500 meter. Tunneleigar skal sjølv gjennomføre ein geologisk inspeksjon av tunnelane kvart 5. år, og Vegdirektoratet sjekkar at dette er gjennomført når den uavhengige inspeksjonen blir gjennomførd. Som ein del av vedlikehaldet skal alle tunnelar ha ein fagleg visuell kontroll kvart halvår og ein såkalla «spettkontroll» annakvart år. Dette blir gjort av sertifiserte fagfolk. I samanheng med spettkontrollen blir løyse steinar, sprekkar og anna hakka ned. Alle hendingar i tunnel blir følgde opp for å finne ut kvifor hendinga skjedde og for å lære.
Statens vegvesen har fastsett ei varslingsmatrise for hendingar på riks- og fylkesvegnettet. Denne er felles for alle vegtrafikksentralane og omfattar alle rutinar i tilknyting til varsling og informasjon ved ulike hendingar. Generelt ved varsling av nødetatar ved hendingar, varslar vegtrafikksentralen den av nødetatane som har ansvar eller oppgåve i samanheng med hendinga. Ut frå kunnskap om hendinga, varslar vegtrafikksentralen den etaten som har ansvar, og varslar eventuelt fleire etter ytterlegare informasjon om hendinga. Det er nødetatane som eventuelt utfører trippelvarsling av dei andre nødetatane. Politiet blir alltid varsla ved hendingar i tunnelar. I følgje varslingsrutinane skal Vegtrafikksentralen berre varsle brannvesen dersom det er brann, eller ulukker med hardt skadde eller omkomne.
Ved steinnedfall i Trodalstunnelen den 29. juli har Vegtrafikksentralen følgt vanleg varslingsprosedyre. Vegtrafikksentralen blei varsla av innringar frå nødtelefon i tunnelen som gav informasjon om kva som var skjedd. I dette tilfellet blei det med ein gong klart ut frå informasjon frå innringar at det ikkje var personskade. Denne informasjonen blei straks formidla til politiet.
Vegtilsynet har hausten 2021 planlagt tilsyn med vegansvarleg sine inspeksjonar av berg og bergsikring av tunnelar. Som ein del av desse tilsyna skal Vegtilsynet undersøkje om tilsynspart gjennomfører hovedinspeksjonar med registrering og vurdering av dei geologiske forholda i tunnelen og installerte sikringstiltak. I tillegg til dette har Samferdselsdepartementet i lys av dei seinaste hendingane i tunnelar på Vestlandet gitt Statens Vegvesen oppdrag om å gå gjennom rutinane og reglane sine for kontroll og oppfølging av tunneltryggleiken, med tanke på behov for eventuelle forbetringar. Både Statens vegvesen og departementet vil stadig leite etter høve for å gjere tunnelane enda tryggare. Derfor er dette eit viktig oppdrag.