Skriftleg spørsmål fra Helge André Njåstad (FrP) til fiskeri- og sjømatministeren

Dokument nr. 15:2137 (2020-2021)
Innlevert: 06.05.2021
Sendt: 06.05.2021
Svart på: 14.05.2021 av fiskeri- og sjømatminister Odd Emil Ingebrigtsen

Helge André Njåstad (FrP)

Spørsmål

Helge André Njåstad (FrP): Vil statsråden ta initiativ til å fjerne CO2-avgiften på LNG og om ikkje forklare kva som er logikken i at staten skal på ei side gje tilskott for å ta i bruk LNG og på den andre sida hente inn avgifter?

Grunngiving

Fiskeriministeren har hatt eit lesarbrev på trykk langs kysten med tittelen Gratulerer til Peder'n & Co med den nye flotte «Libas». Libas kan no bunkre LNG og reiarlaget stusser jo sjølvsagt over at det også på LNG er CO2 avgift. Her har reiarlaget innvestert store summar for å kutte utslepp. Libas reduserer co2 utslipp med 23 prosent med å gå på rein LNG. NOX utslipp reduseres med 80-90 prosent.
Blander de inn 25 prosent biogass reduserer de co2 utslipp med over 50 prosent. Libas er bygget for dette, men det er ingen grunn for å gjøre det når Co2 avgiften må betales fult ut.

Odd Emil Ingebrigtsen (H)

Svar

Odd Emil Ingebrigtsen: Regjeringa har ein ambisjon om å halvere utsleppa frå innanriks sjøfart og fiske innan 2030 samanlikna med 2005, og bruker eit bredt spekter av verkemiddel i klimapolitikken. CO2-avgifta på mineralske produkt er eit av hovudverkemidla i norsk klimapolitikk. CO2-avgifta utgjer i 2021 om lag 590 kroner per tonn CO2. Avgifta er sektorovergripande og gir alle aktørar eit økonomisk insentiv til å redusere utsleppa sine, til dømes ved å ta i bruk låg- og nullutsleppsteknologi. Jo lågare utslepp, desto lågare avgift.
Som representanten peikar på, går nye «Libas» på LNG og har om lag 23 prosent lågare CO2-utslepp enn eit tilsvarande dieselfartøy. Utsleppa av CO2 frå «Libas» utgjer altså om lag 77 pst. av utsleppa frå eit tilsvarande dieselfartøy, og CO2-avgifta på LNG til «Libas» vil difor utgjere om lag 77 pst. av CO2-avgifta på diesel til eit tilsvarande dieselfartøy. CO2-avgifta gir dermed økonomiske insentiv til å utvikle og ta i bruk fiskefartøy som har enda lågare utslepp enn «Libas».
I CO2-avgifta er det fritak for andel biogass og hydrogen i naturgass og LPG. Dette gir aktørane eit sterkt økonomisk insentiv til å nytte biogass. Jo større andel biogass, desto lågare avgift. Eg er difor ikkje samd i at det ikkje skulle vere nokon grunn for «Libas» til å nytte LNG med innblanda biogass.
Eit anna viktig verkemiddel er økonomisk stønad frå Enova til å utvikle og ta i bruk låg- og nullutsleppsteknologi. Liafjord AS fekk i 2018 stønad frå Enova på knapt 7 mill. kroner til det nye fartøyet «Libas». «Libas» er eit eksempel på lågutsleppsteknologi, ikkje nullutsleppsteknologi. Sjølv om «Libas» har fått støtte frå Enova, så er det rimeleg at det må betalast CO2-avgift for fossilt drivstoff til «Libas». Dette gir reiarane og skipsdesignarane økonomiske insentiv til å utvikle fiskefartøy med endå lågare utslepp enn «Libas».