Skriftleg spørsmål fra Ole André Myhrvold (Sp) til statsministeren

Dokument nr. 15:1012 (2020-2021)
Innlevert: 21.01.2021
Sendt: 21.01.2021
Rette vedkommende: Klima- og miljøministeren
Svart på: 27.01.2021 av klima- og miljøminister Sveinung Rotevatn

Ole André Myhrvold (Sp)

Spørsmål

Ole André Myhrvold (Sp): Kan statsministeren bekrefte eller avkrefte at det er hentet inn ulv med andre gener, og mener statsministeren at henting av ulv med andre gener skal være en del av forvaltningen framover?

Grunngiving

I spørretimen onsdag 20. januar uttalte statsministeren i et svar knyttet til prosessen med flyttingen av de såkalte Deisjø-ulvene:

"Det er altså rett og slett å hente inn ulv med litt andre gener, slik at vi ikke får innavl og dårligere genmateriale på våre ulver. Det er forvaltningen vi skal ha fremover."

Sveinung Rotevatn (V)

Svar

Sveinung Rotevatn: Statsministeren sitt svar var knytt til den konkrete saka med flytting av ulveparet frå det tidlegare Deisjøreviret, og skal naturlegvis også tolkast deretter. Det aktuelle oppdraget handla om å flytte genetisk verdifull ulv internt i Noreg, og grunngjevinga er at dei skulle skjermast frå lisensfelling utanfor ulvesona. Dersom representanten Myhrvold har tolka svaret frå statsministeren slik at ulv hentast inn frå andre land så kan eg avkrefte dette. Saka handlar om flytting av genetisk verdifulle individ som allereie har vandra inn til våre område.
Å flytte fleire slike genetisk verdifulle individ i tida framover kan sjølvsagt bli aktuelt, slik statsministeren også uttrykte. Det vil likevel avhenge av fleire faktorar, som til dømes om slike verdifulle ulvar igjen skulle slå seg ned i område utanfor ulvesona i Noreg. Då vil flytting alltid vere eit alternativ forvaltninga skal vurdere, noko som også går fram av rovviltforliket av 2011 at dei skal gjere.