Skriftleg spørsmål fra Liv Signe Navarsete (Sp) til forsvarsministeren

Dokument nr. 15:243 (2020-2021)
Innlevert: 26.10.2020
Sendt: 26.10.2020
Svart på: 30.10.2020 av forsvarsminister Frank Bakke-Jensen

Liv Signe Navarsete (Sp)

Spørsmål

Liv Signe Navarsete (Sp): Kan statsråden forsikre at han vil oppgradere dei fire attverande fregattane til eit tilstrekkeleg høgt operativt nivå som møter Noregs ambisjon om å vere NATOs auge og øyre i Nord, og tek vare på evna vår til å vere ein tydeleg aktør i eit tryggingspolitisk sårbart område?

Grunngiving

Ein framtidig flåteplan er lova å kome i 2022, men samstundes har regjeringa ikkje planlagd å kome med investeringar i ny flåtestruktur før etter 2030. Med andre ord vil ikkje nye fregattar vere fullt operative før mot slutten av 2030-tallet.

Nansen-klassen er i sårbar tilstand. Det er berre fire att, og behovet for å oppgradere dei tekniske systema om bord for å sikre ein høg operativ evne byrjar å bli kritisk, då til dømes hovudradaren er av eldre modell. Dersom ikkje regjeringa prioriterer tilstrekkeleg oppgradering av dei tekniske systema om bord i samband med den planlagde midtlivsoppdateringa, risikerer Noreg å stå utan et slagkraftig fregattvåpen dei neste 15-20 årene medan me ventar på nye skip.

Fred og stabilitet i Nordområda og Barentshavet er avhengig av at Noreg kan segle saman med allierte i Nord og ikkje vert sett på sidelinja på grunn av at fregattane våre ikkje er moderne nok til å operera saman med våre allierte. Noreg har ansvar for å dekke havområde som er sju gonger så store som landområda våre, og fregattane er dei einaste norske marinefartøya som kan operere i ope hav i alt slags ver. Dei er difor ein viktig strategisk ressurs for havnasjonen Noreg.

Frank Bakke-Jensen (H)

Svar

Frank Bakke-Jensen: Det skal gjennomførast ei midtlivsoppdatering av Nansen-klassen med ei klar målsetting om å oppretthalde og vidareføre den operative evna til fregattane for den attverande levetida og gjere dei fortsatt tryggleikspolitisk relevante for Noregs forsvar. Dette krev ei vesentleg modernisering både av dei skipstekniske systema på fartøya og dei operative og våpentekniske systema om bord. Den pågåande utgreiinga av konseptval for prosjektet skal kartleggje og anbefale ulike løysingar for oppgraderinga av fartøya. Oppgraderinga vil syte for at fartøya held fram med å være eit relevant tryggleikspolitisk verktøy for Noregs suverenitetshevding og nærvær i heile vårt maritime interesseområde fram til ny flåtestruktur er klar til å ta over. Etter planen vil oppgraderinga bli gjennomført i tida 2024-2029. Prosjektet har eit omfang som gjer at det vil bli lagt fram for Stortinget for endeleg tilslutning.
Forliset til fregatten KNM Helge Ingstad reduserte den sjøgåande militære kapasiteten vesentleg. Som avbøtande tiltak på dette er det gjennomført fleire førebelse tiltak for å redusere dei negative operative konsekvensane av forliset. Blant anna har besetninga frå KNM Helge Ingstad gjort det mogleg å auke talet seglingsdøgn på attverande fregattar, og ytterligare ei fregattbesetning er under oppbygging. I tillegg er det satt i verk tiltak for å erstatte tapt materiell og våpenbehaldning frå forliset. Tiltaka har samla sett medført at Sjøforsvaret fyller aktivitetskravet og kravet til nærvær i Nordområda. Noreg spelar ei sentral rolle i NATO si samla overvaking av havområda i nord, der fregattane i eit tett samarbeid og samspel med mellom anna Kystvakta, ubåtane og maritime patruljefly har kontinuerlig nærvær.