Skriftleg spørsmål fra Liv Signe Navarsete (Sp) til forsvarsministeren

Dokument nr. 15:2518 (2019-2020)
Innlevert: 04.09.2020
Sendt: 07.09.2020
Svart på: 14.09.2020 av forsvarsminister Frank Bakke-Jensen

Liv Signe Navarsete (Sp)

Spørsmål

Liv Signe Navarsete (Sp): Kva rolle skal Andøya flystasjon ha i planverket og er det slik at Andøya flystasjon ikkje skal brukast i øvingar?

Grunngiving

Det går fram i ein artikkel på NRK Nordland 01.09.20 at Forsvaret planlegg å avhende flystripa. Dersom Avinor skal ta over flystripa, vil dei berre ha behov for om lag halve og det er uvisst om heile flystripa skal haldast ved like og kven som i så fall skal betale for vedlikehald.

Frank Bakke-Jensen (H)

Svar

Frank Bakke-Jensen: Det er heller ikkje lagt opp til å nytte lufthamna på Andøya til regelmessig øving og trening. Likevel kan det i enkelte tilfelle bli aktuelt å nytte infrastrukturen ved den sivile lufthamna til øvingsformål, på same måte som andre sivile lufthavnar i Noreg har blitt nytta til dette formålet når øvingsaktivitetens formål og omfang tilseier det. Forsvarets bruk av Røros lufthamn under Trident Juncture i 2018 er eit eksempel på dette.
Ved Stortingets handsaming av Innst. 62 S (2016-2017) til Prop. 151 S (2015-2016), vert det lagt til grunn at flyplassen på Andøya blir oppretthalden også etter 2020, med rullebanelengde som gjer det mogeleg for Andøya Test Center å basere drifta på at store fly framleis kan lande på Andøya. Stortingets føringar vil bli ivaretatt også etter at flystasjonen blir nedlagt, når Avinor etter planen overtar flyplassdrifta, og flyplassen blir ei rein sivil lufthamn.
Eg har no fått ei anbefaling frå forsvarssjefen om Forsvarets framtidige bruk av Andøya flystasjon. Anbefalinga er til vurdering i Forsvarsdepartementet. Vi skal finne gode, praktiske løysingar for å legge til rette for sivile behov. Eg er oppteken av at Forsvaret sitt behov for mottak og støtte av allierte forsterkningsstyrker i krise og krig ikkje skal bli til hinder for ei god omstilling av andøysamfunnet.