Skriftleg spørsmål fra Helge Orten (H) til samferdselsministeren

Dokument nr. 15:426 (2019-2020)
Innlevert: 29.11.2019
Sendt: 29.11.2019
Svart på: 29.11.2019 av samferdselsminister Jon Georg Dale

Helge Orten (H)

Spørsmål

Helge Orten (H): Jeg viser til oppslaget med statsministeren i VG i går, 28.11.19, og spør om det er startet et slikt arbeid i Samferdselsdepartementet, og om Samferdselsdepartementet på nåværende tidspunkt er kjent med saker der det er lagt til grunn feil tolking av EØS-retten?

Jon Georg Dale (FrP)

Svar

Jon Georg Dale: Ja, Samferdselsdepartementet er i gang med eit slikt arbeid.
Ei sak som vil inngå i dette arbeidet er at Samferdselsdepartementet i samband med ei klagesak til ESA angåande rett til honnørrabatt har oppdaga at staten har tolka ei EU-forordning feil. Sidan 19. april 2018 har det vore ei sak mellom ESA og Noreg om fortolkinga av ei EU-forordning knytt til rett til honnørrabatt for EØS-borgarar på kollektivtransport med offentleg tilskot. I denne saka kom vi i januar fram til at vi hadde feiltolka forordninga, noko vi informerte ESA om i brev av 17. januar 2019. Samferdselsdepartementet følgde deretter opp NAV via Arbeids- og sosialdepartementet for å sjå til at nye saksbehandlingsrutinar kom på plass. 27. mai sendte Samferdselsdepartementet eit skriv til Arbeids- og sosialdepartementet om korleis honnørkortordninga skulle praktiserast i samsvar med EØS-avtalen. Praksisen til NAV vart så endra frå og med juli 2019.
For å gjere rettane til borgarane tydelegare, har Samferdselsdepartementet bestemt at nytt Rundskriv N-3/2019 erstattar Rundskriv N-3/95. Det nye rundskrivet vert gjort offentleg i dag.