Skriftleg spørsmål fra Liv Signe Navarsete (Sp) til samferdselsministeren

Dokument nr. 15:322 (2019-2020)
Innlevert: 15.11.2019
Sendt: 18.11.2019
Svart på: 28.11.2019 av samferdselsminister Jon Georg Dale

Liv Signe Navarsete (Sp)

Spørsmål

Liv Signe Navarsete (Sp): Er dei nye standardane for snøbrøyting forankra i Samferdselsdepartementet, og vil ministeren ta initiativ til å gjere dei om slik at trafikktryggleik og framkomelegheit vert styrande mål for snøbrøyting heller enn teoretiske modellar som skal gje økonomiske innsparingar?

Grunngiving

NRK kunne i dag melde om at Vegdirektoratet har gitt nye retningsliner for snøbrøyting, der ein på vegar med høvesvis lite trafikk kun skal brøyte kvar tredje time. Dette uroar sjølvsagt folk som bur i område med vanskelege vertilhøve, smale vegar og der det alt med dagens standard for snøbrøyting ofte er vanskeleg å ta seg fram.

Jon Georg Dale (FrP)

Svar

Jon Georg Dale: Statens vegvesens standardar for snøbrøyting på riksvegnettet er spesifiserte i handbok R610 Standard for drift og vedlikehald av riksveger. Det er Statens vegvesen som har ansvaret for utarbeiding av slike interne retningslinjer. Handboka var ferdig sist Senterpartiet satt i regjering i 2012. Desse retningslinjene er etter det eg kjenner til ikkje endra sidan 2012.
Standardkrava i handbok R610 er baserte på samfunnsøkonomiske vurderingar, der det er tatt omsyn til både trafikktryggleik og framkommelegheit for trafikantane og kostnader for veghaldar. Standardane er innarbeidde gradvis i driftskontraktane for riksvegnettet etter kvart som nye kontraktar har erstatta tidlegare kontraktar. Handbok R610 blir også i stor grad nytta for fylkesvegane, men her er det fylkeskommunane som avgjer kva standard som skal leggast til grunn.
For snøbrøyting er det i handbok R610 stilt krav til syklustid, dvs. maksimal tid mellom kvar gong heile vegarealet skal brøytast. Denne syklustida varierer frå 1,5 til 3 timar avhengig av vinterdriftsklasse. Vinterdriftsklassen blir fastsett ut frå trafikkmengde, men det blir også langt vekt på andre forhold ved vegen som trafikksamansetjing, geometrisk standard, verforhold, ulykkesnivå mm. Dersom spesielle forhold som snøintensitet, vind og liknande kan påreknast å gi for dårlege forhold for trafikantane, kan kravet til maksimal syklustid endrast.
Eg er trygg på at Statens vegvesen gjer ei forsvarleg vurdering av forholda lokalt, både når det gjeld val av vinterdriftsklasse og syklustid.