Skriftleg spørsmål fra Ruth Grung (A) til samferdselsministeren

Dokument nr. 15:209 (2019-2020)
Innlevert: 03.11.2019
Sendt: 04.11.2019
Svart på: 12.11.2019 av samferdselsminister Jon Georg Dale

Ruth Grung (A)

Spørsmål

Ruth Grung (A): E16 er hovedveien mellom Bergen og Oslo, de to største byene i landet. Møteulykker utgjør en stor andel av trafikkulykkene. De fleste steder der det bygges ny europaveier i dag bygges det firefeltsvei.
Mener statsråden det er forsvarlig å bygge lange éntubestunneler som hovedvei mellom Bergen og Oslo?

Jon Georg Dale (FrP)

Svar

Jon Georg Dale: Kva standard som skal leggjast til grunn for nye norske vegar og tunellar, baseres hovedsakelig på Statens vegvesen sine vegnormalar. Normalane sine føringar baserer seg mellom anna på krav til trafikktryggleik, miljø, kostnadsnivå og samfunnsøkonomi. Kva standard som er rett etter normalane, heng saman med vegfunksjon og trafikkvolum. For europavegane og riksvegane elles skal det etter normalane byggjast firefelts veg når trafikkprognosane viser at det i gjennomsnitt vert meir enn 12 000 køyretøy per døgn (ÅDT) 20 år etter opning av vegen (prognoseåret). I ein del tilfelle vert det også bygd firefelts veg når trafikken er lågare enn dette, til dømes for å oppnå jamn standard over lengre strekningar eller for å ivareta krav til naudutgangar i tunnelar.

Ved bygging av ny veg stiller vegnormalane krav om to køyrbare tunnelløp når ÅDT i prognoseåret er rekna til 12 000 køyretøy eller meir. På eksisterande vegnett stiller tunneltryggleiksforskrifta krav om etablering av naudutgangar i nyare tunnelar over ei viss lengde når faktisk ÅDT går over 8 000 køyretøy. Prosjektspesifikke tilhøve avgjer om dette kravet skal oppfyllast ved å byggje tverrslag direkte ut i det fri, eit parallelt gangbart rømmingsløp eller eit parallelt køyrbart tunnelløp.

Å byggje brei fire felt på europavegar der trafikken er låg, gjev generelt sett dårleg samfunnsnytte. Det kan likevel vere aktuelt på enkelte strekningar.

Det er verdt å påpeike at nye vegar som ikkje er møtefrie, har eit høgt tryggleiksnivå med låg risiko for både møteulykker og andre typar ulykker. Dette skuldast mellom anna at desse vegane har lågare trafikk, dei har litt lågare fartsgrense enn møtefrie vegar, dei har forsterka midtoppmerking og dei har god geometrisk utforming og godt utforma sideterreng. Det er ikkje utan grunn at Noreg er på verdstoppen når det gjeld trafikktryggleik. Det skuldast mellom anna at nye vegar, også dei som ikkje får fire felt, er planlagde ut frå siste kunnskap om trafikktryggleik.

På E16 mellom Oslo og Bergen er det fleire strekningar som er under planlegging, bygging, eller som nyleg er opna for trafikk. Nærast Oslo og Bergen vert det firefelts veg, til dømes mellom Sandvika og Hønefoss og mellom Trengereid og Bergen. Andre stader der trafikken er lågare, vert standarden ein annan, mellom anna over Filefjell. Den heilt nye vegen der, der siste byggetrinn vert opna for trafikk rundt årsskiftet 2019-2020, har standard som tofelts landeveg med eitt tunnelløp.

Eg legg til grunn at den standarden Statens vegvesen legg opp til i planlegginga av utbyggingsprosjekt på E16 mellom Oslo og Bergen ivaretek dei ulike omsyna eg har gjort reie for over, og at valgt standard for dei ulike vegparsellane og tunellane er forsvarlege og i tråd med gjeldande praktisering av vegnormalar og retningslinjer for vegutforming.