Skriftleg spørsmål fra Arne Nævra (SV) til samferdselsministeren

Dokument nr. 15:213 (2019-2020)
Innlevert: 01.11.2019
Sendt: 04.11.2019
Svart på: 07.11.2019 av samferdselsminister Jon Georg Dale

Arne Nævra (SV)

Spørsmål

Arne Nævra (SV): Treforedlingsindustrien i Østfold forbruker rundt to mill. fastkubikkmeter tømmer årlig, og en økning er ventet. Det aller meste av virket fra Hedmark fraktes i dag med jernbane, mens noe fra Telemark og Agder fraktes på sjøen til Østfold. Ifølge treforedlingsindustriens bransjeforening vil det være av stor betydning å åpne Østfoldbanens Østre linje for godstrafikk i forhold til samfunnsnytte. Dette er underbygd av en TØI-rapport.
Vil statsråden bidra til å få dette realisert, og eventuelt når?

Jon Georg Dale (FrP)

Svar

Jon Georg Dale: Det er ikkje køyrt rutegåande godstrafikk på Østre linje sidan tidleg på 2000-talet. Bana har seinare vore trafikkert av godstog i periodar der Vestre linje var stengd, fram til ombygginga til det nye signalanlegget ERTMS vart igangsett i 2014. Det har ikkje vore godstrafikk på Østre linje etter at bana vart røynslestrekning for ERTMS i 2015. Alle gods- og persontog som skal trafikkera Østre linje må ha utrusting for ERTMS om bord.
Kapasiteten for godstog er lågare på Østre linje samanlikna med Vestre linje, og bana har ikkje same standard. Det er likevel anteke at bana kan spela ei rolle for godstransportane i korridoren, òg i periodar der Vestre linje er under ombygging. Det er særleg under slike stengeperiodar at treforedlingsindustrien i Østfold ønskjer å ta i bruk Østre linje til godstrafikk, då køyring av tømmertog mellom tømmerterminalar på Austlandet og Østfold via Sverige inneber vesentleg auka transportkostnader og avgrensingar.
I Oslo – Göteborg-utgreiinga frå 2016, utførd av Jernbaneverket og Trafikverket, vart opprustingsbehov og tiltak for rutegåande godstrafikk på Østre linje frå innføringa av ny rutemodell på Austlandet (Rutemodell 2027) kartlagd. Tilrådinga innebar tiltak som gjev auka kapasitet og fornying av delar av infrastrukturen. Ei nyare fullstendig utgreiing av investeringsbehov for godstrafikk på bana finst ikkje.
Jernbanedirektoratet tek no sikte på å gjennomføra ei utgreiing av naudsynte tiltak og marknadspotensialet for gods- og persontrafikk på Østre linje i 2020.