Skriftleg spørsmål fra Nils T. Bjørke (Sp) til samferdselsministeren

Dokument nr. 15:30 (2019-2020)
Innlevert: 07.10.2019
Sendt: 07.10.2019
Svart på: 17.10.2019 av samferdselsminister Jon Georg Dale

Nils T. Bjørke (Sp)

Spørsmål

Nils T. Bjørke (Sp): Vil samferdselsministeren syta for at K5 vert bygd med dei stasjonar som er planlagt?

Grunngiving

K5 veg og bane er eit prosjekt som er avgjerande for trygg veg og bane mellom Bergen og Oslo.
Prosjektet er og viktig for lokaltrafikk og er einaste intercity prosjektet på Vestlandet.
No har Jernbanedirektoratet føreslått å fjerne to av stasjonane, på Vaksdal og Stanghelle.
Desse stasjonane er viktige for Vaksdal kommune og for miljøvennleg kollektivtrafikk.

Jon Georg Dale (FrP)

Svar

Jon Georg Dale: I arbeidet med ny Nasjonal transportplan (NTP) for 2022-2033, har eg gitt fleire deloppdrag til transportetatane og –verksemdene, retta mot å sikre meir samferdsel for pengane. Jernbanedirektoratet er i denne samanheng blitt bedt om å gjere ein gjennomgang og beskriving av korleis vi kan få meir jernbaneinfrastruktur for pengane og ein effektiv ressursbruk, gjennom å redusera kostnader og optimalisera alt frå planlegging og bygging, til drift, vedlikehald og fornying av jernbanen.
Jernbanedirektoratet sitt svar inneheld mellom anna ein grundig gjennomgang av investeringsporteføljen med sikte på prosjektoptimalisering – det vil seia å effektivisera bruken av eksisterande og ny infrastruktur. I tillegg har Jernbanedirektoratet bedt Bane NOR om ei meir detaljert omtale av einskilde prosjekt, med tanke på moglege endringar i opphavlege planar, og kva for kostnadsmessige effektar dette kan få. Bane NOR har gitt ei rekke eksempel på slik prosjektoptimalisering. Det gjeld for dobbeltsporet Arna-Stanghelle, dei store InterCity-prosjekta på Austlandet og fleire andre jernbaneprosjekt rundt om i landet.
Blant desse eksempla er og, som stortingsrepresentanten spør om, å ikkje byggje ny stasjon på Stanghelle, men i staden enten endre traséen til ny avslutning på Dale eller etablere spor gjennom bygda. Eit anna eksempel er å ikkje byggje ny stasjon på Vaksdal, og berre etablere spor gjennom bygda. Jernbanedirektoratet sitt svar indikerer mogelege innsparingar og konsekvensar desse tiltak kan medføre.
No skal departementet først vurdere svaret frå Jernbanedirektoratet og dei andre transportverksemdene nøye. Verksemdene vil få fleire deloppdrag til arbeidet med ny Nasjonal transportplan, og vi fortset dessutan dialogen med regional og lokal forvalting, frem til regjeringa i 2021 legg fram stortingsmeldinga om ny Nasjonal transportplan for 2022-2033, med våre endelege tilrådingar og forslag.
Eg finn det likevel rett å minne om at Stortinget ved handsaming av gjeldande NTP (2018-2029) har fastsatt rammer for utbygginga. Regjeringa vil unngå å havne i same situasjon som ein har gjort i samferdselspolitikken når Senterpartiet har styrt sektoren, nemleg å klare å bruke opp dei økonomiske rammene som er avsett i NTP, utan å klare å bygge prosjekta som er planlagde. Det er difor naudsynt med kostnadskontroll i alle prosjekt, herunder det omtalte, dersom vi skal klare vår ambisjon, nemlig å bygge ny rassikker vegløysing mellom Arna og Voss, samt vesentleg korte ned reisetida med jernbanen.