Skriftleg spørsmål fra Magne Rommetveit (A) til samferdselsministeren

Dokument nr. 15:3 (2019-2020)
Innlevert: 01.10.2019
Sendt: 01.10.2019
Svart på: 08.10.2019 av samferdselsminister Jon Georg Dale

Magne Rommetveit (A)

Spørsmål

Magne Rommetveit (A): Regjeringa har som kjent innført ei forskotteringsordning for fiskerihamner, der Bømlo ikkje nådde opp korkje i første runde eller i andre tildelingsrunde. Den reviderte samfunnsnytteanalysen for fiskerihamna i Bømlo syner at prosjektet kjem særs godt ut samanlikna med mange andre.
Kva vurderingar og kriterier ligg til grunn for utveljinga av dei prosjekt som no får høve til å delta i ordninga med forskottering?

Grunngiving

Arbeidarpartiet hadde i sitt framlegg til gjeldande NTP fullfinansiering av moloen i Langevåg i første planperiode.
Etter vår meining skulle dei lokale næringsaktørane bruka sine finansielle musklar på å bygga opp infrastrukturen på landsida, medan staten tok sjølve molobygginga.
Når dei statlege investeringane no let venta på seg, er dei lokale næringsaktørane så interesserte i å koma i gang at dei har sagt seg interesserte i å ta del i ei forskottering for å kunna starta molobygginga. Det er difor svært skuffande at ein ikkje har blitt tekne med i ordninga.
Det er gjennomført ein revidert samfunnsnytteanalyse for prosjektet. Vista analyse sin samfunnsøkonomiske analyse frå 2015 (rapport 2015/299) konkluderte med negativ nytte for prosjektet med 117,9 mill. kroner. Med ny kunnskap om prosjektet og ringverknader av dette har Vista analyse no i 2019 revidert denne analysen som no konkluderer med positiv netto nytte av prosjektet med 96,9 mill. kroner. Etter at raporten blei revidert i 2019 har Eidesvik Havfiske no også kjøpt ein trålar frå Austevoll.
Vista analyse stadfestar at med effekt av denne nye tilveksten til flåten vil netto samfunnsøkonomisk nytte no vera positiv med 128,7 mill. kroner.

Jon Georg Dale (FrP)

Svar

Jon Georg Dale: Som stortingsrepresentant Rommetveit viser til blei det innført ei forskoteringsordning for fiskerihamne- og farleistiltak i 2018. Ordninga gjelder prosjekt som ligg inne i Nasjonal transportplan 2018-2029 og er ein overgangsordning i samband med gjennomføring av regionreforma og overføring av eigarskapet og forvaltningsansvaret for fiskerihamneanlegg frå staten til dei nye fylkeskommunane.

Ordninga har blitt svært godt motteke i heile landet, og det har kome inn mange gode søknader. Av ei total ramme på 550 millionar kroner kom det søknadar på nærare 1,4 milliardar kroner, der det var mange gode prosjekt.Søknadskriterium og prioriteringar av innkomne søknader er basert på dei føringar og kriterier som følgjer av Stortinget si handsaming av saka i samband med budsjettframlegget for 2018, jf. Innst. 13 S (2017-2018).

Dette inneber at departementet har lagt til grunn prosjektaslik dei framstod når søsknadsfristen gjekk ut, for å sikre ein best mogleg likebehandling av desse. I desse vurderingskriteria inngår i kva grad ein raskare realisering vil ha positiv effekt på utvikling av næringslivet i tilknyting til hamneområdet, om lokalt næringsliv er ein vesentlig aktør i prosjektet og om prosjektet vil ha ein positiv effekt for trygg innsegling og nødvendig seglingsdjup i hamna. Prosjektsøknadene har og blitt vurdert med omsyn til blant anna planar for prosjektgjennomføring og finansiering.

Det er så langt inngått forskoteringsavtaler med Berg kommune (Innsegling Senjahopen), Gamvik kommune (Gamvik fiskerihamn) og Giske kommune (Gjøsund fiskerihamn). Det er og satt i gang prosessar for avtaleinngåing med Nordkapp kommune (Kamøyvær fiskerihamn), Ibestad kommune (Engenes fiskerihamn) og Herøy kommune (Fosnavåg fiskerihamn), og forskotteringsordninga har vært godt motteke.

Det følgjer av regionreforma, som Stortinget har vedtatt, at fiskerihamneforvaltninga blir overført til fylkeskommunane frå og med 1. januar 2020. Etter dette vil det vere opp til fylkeskommunane å prioritere fiskerihamnetiltak.

Prosjekta som no er førespegla eller allereie har fått tilslag på forskoteringsordninga vil bidra til kontinuitet i fiskerihamneutbygginga samstundes som fylkeskommunane omstiller seg til å overta ansvaret for fiskerihamneforvaltninga.

Kvaliteten på søknadene på forskoteringsordninga gjer meg og trygg på at fylkespolitikarane er klare og vil handtere overtakinga av fiskerihamneforvaltninga på ein god måte.