Skriftleg spørsmål fra Siv Mossleth (Sp) til samferdselsministeren

Dokument nr. 15:2342 (2018-2019)
Innlevert: 27.09.2019
Sendt: 27.09.2019
Svart på: 04.10.2019 av samferdselsminister Jon Georg Dale

Siv Mossleth (Sp)

Spørsmål

Siv Mossleth (Sp): Er regjeringen fornøyd med ulykkesstatistikken, og hvordan de sikkerhetstilrådninger som er fremmet for innlandshelikopter er blitt fulgt opp, hvis regjeringen ikke er fornøyd, hvilke tiltak vil regjeringen sette i verk for å redusere ulykkesstatistikken for innlandshelikopter?

Grunngiving

I 2013 kom analyseselskapet Safetec med en sikkerhetsstudie innlandshelikopter på bestilling fra samferdselsdepartementet, den konkluderte med 41 sikkerhetstilrådinger. Oppfølgingen av disse sikkerhetstilrådningene var at de «Lukkes med grunnlag i at Luftfartstilsynet ikke har myndighet til å pålegge kommersielle krav utover myndighetskrav». Dermed ble ikke disse sikkerhetstilrådningen, som har som hensikt å unngå ulykker, fulgt opp. Helikopterbransjen opplever prispress og økt konkurranse fra utenlandske aktører, det forsterker behovet for å hele tiden å ha oppdaterte krav til sikkerhet og gjennomføring av oppdrag.

Jon Georg Dale (FrP)

Svar

Jon Georg Dale: Regjeringa sitt hovudmål for transportsikkerheit er å redusere transportulykkene i tråd med nullvisjonen, jf. Meld. St. 33 (2016-2017) Nasjonal transportplan 2018-2029. Hovudmålet inneber ein visjon om at det ikkje skal førekomme ulykker med drepne eller hardt skadde i transportsektoren.

Regjeringa sin innsats på området skal baserast på risikovurderingar. Det er større sikkerheitsutfordringar forbunde med innlands helikopteroperasjonar enn annan kommersiell luftfart, men sidan tidleg på 2000-talet har det vore ein klar reduksjon i ulykkesraten. Regjeringa slår seg ikkje til ro med dette og vil fortsette arbeidet med auka sikkerheit på innenlands helikoptertrafikk.

Det er ikkje korrekt at dei 41 tilrådingane frå Safetec-rapporten ikkje er følgt opp. Sidan rapporten frå sikkerheitsstudien for innlandshelikopter blei ferdigstilt i 2013 har oppfølging av alle sikkerheitstilrådingane vore ei prioritert oppgåve for Luftfartstilsynet, og alle tilrådingane utanom ei er lukka. Samferdselsdepartementet har hatt tett oppfølging av dette i etatsstyringsdialogen med Luftfartstilsynet. Tilrådingane er følgt opp med konkrete tiltak eller ved at det har kome felleseuropeiske reglar på området. Dette er gjort med bakgrunn i blant anna innføring av nytt regelverk, styrkt tilsynsaktivitet, innføring av risikobasert tilsyn, utvikling av nytt utstyr og haldningsskapande arbeid, blant anna gjennom "Flysikkerhetsforum for operatører av innlandshelikoptre" som Luftfartstilsynet leiar. Nokre tilrådingar er lukka med føresetnad om at tiltaket blir handsama gjennom løpande aktivitet. Det er no berre eitt tiltak som står att, og departementet vil følge opp dette.

Samferdselsdepartementet er nøgd med måten tilrådingane er handsama på, og vil fortsatt arbeide for å oppretthalde og styrke det høge sikkerheitsnivået innan luftfarten.