Skriftleg spørsmål fra Magne Rommetveit (A) til samferdselsministeren

Dokument nr. 15:2297 (2018-2019)
Innlevert: 17.09.2019
Sendt: 18.09.2019
Svart på: 19.09.2019 av samferdselsminister Jon Georg Dale

Magne Rommetveit (A)

Spørsmål

Magne Rommetveit (A): Korleis kan statsråden forsvara avgjerdsla om at ein ikkje skal ta i bruk dei nyoppførte kamera for gjennomsnittsfartsmåling i Bømlafjordtunnelen på E39?

Grunngiving

Statens vegvesen uttalar at streknings-ATK har vore svært effektivt verkemiddel for å få ned farten på ulukkesutsette vegstrekningar og Transportøkonomisk institutt (TØI), som har evaluert tiltaket, har konkludert med at tiltaket har redusert talet på drepte og hardt skadde med 50 % på dei utsette strekningane.

Jon Georg Dale (FrP)

Svar

Jon Georg Dale: Det følger av den politiske plattforma at regjeringa vil avgrense bruken av streknings-ATK. Streknings-ATK, både for tunnel/bru og for strekningar i dagen, bør avgrensast til der ein har erfaring i ulykkesstatistikken på den aktuelle strekninga som tilseier bruk av tiltaket, eller at dette openbart er det einaste realistiske trafikksikringstiltaket.
Eg har derfor bedt Statens vegvesen, saman med politiet, om å gå gjennom kriteriene for bruk av streknings-ATK og komme opp med forslag til reviderte kriterier. Kriteria skal basere seg på registrerte ulykker og fartsprofil på gjeldande strekning. Det skal også skildrast alternative sikringstiltak som kan gjennomførast til erstatning for strekningsmåling. For å ivareta personvernomsyn på ein god måte har eg bedt om at Datatilsynet blir involvert i arbeidet.
Dette arbeidet har frist 1. november i år. Fram til kriteriene er gjennomgått og vurdert skal det ikkje etablerast nye strekningar med streknings-ATK. Dette gjeld i utgangspunktet òg for strekningar der arbeid allereie er i gong, med mindre anna blir særskilt avklart med departementet. Statens vegvesen kan altså dersom dei meiner det er avgjerande for trafikktryggleiken ha dialog med departementet om dette for einskile strekningar der arbeidet med streknings ATK var i gang før departementet gav dette oppdraget.