Skriftleg spørsmål fra Ingalill Olsen (A) til samferdselsministeren

Dokument nr. 15:2246 (2018-2019)
Innlevert: 04.09.2019
Sendt: 04.09.2019
Svart på: 12.09.2019 av samferdselsminister Jon Georg Dale

Ingalill Olsen (A)

Spørsmål

Ingalill Olsen (A): Hvordan stiller regjeringen seg til at private selskaper kan bruke trafikkdata fra abonnenter som de har tilegnet seg fordi regjeringen tvinger bomselskapene til å skille ut utstedelsen av bombrikker og fergebilletter i egne juridiske personer, og at disse selskapenes kundeportefølje og abonnenter eventuelt selges på det internasjonale markedet?

Jon Georg Dale (FrP)

Svar

Jon Georg Dale: Eg viser til mitt svar på spørsmål nr. 2129 frå representanten Kirsti Leirtrø om same tema. Mitt svar er det same på dette spørsmål: Stortinget har gjennom handsaminga av Meld. St. 25 (2014-2015) og Prop. 1 S Tillegg 2 (2015-2016) slutta seg til Regjeringas bompengereform. Ein sentral del av bompengereforma er at rollen som utferdar av bompengebrikke skal skiljast frå bompengeselskapet.
I AutoPASS-avtalen som brukarane har inngått med bompengeselskapa, er det tatt høgde for at avtalen kan førast over til anna selskap dersom bompengeselskapet legg ned eller overfører utferdarverksemda til eit anna selskap. I slike tilfelle vil kundane få melding om overføringa før selskapet avsluttar verksemda si. Kundane kan då velje å seie opp avtalen eller halde fram avtaleforholdet med ny avtalepart.
Overføring av kundeporteføljen vil bli gjennomført i tråd med prinsippa om dataminimering, slik dei er nedfelte i personvernforordninga. Det vil berre bli overført informasjon om personar og køyretøy med aktive avtalar. Det vil ikkje bli overført historisk informasjon om trafikkdata og betaling.
Dei nye utferdarselskapa som overtar kundeporteføljen, kan berre nytte trafikkdata til andre føremål enn betaling av bompengar dersom kundane samtykker til dette.