Skriftleg spørsmål fra Siv Mossleth (Sp) til samferdselsministeren

Dokument nr. 15:2233 (2018-2019)
Innlevert: 02.09.2019
Sendt: 03.09.2019
Svart på: 09.09.2019 av samferdselsminister Jon Georg Dale

Siv Mossleth (Sp)

Spørsmål

Siv Mossleth (Sp): Hvordan vurderer statsråden konkurransesituasjonen for statens eget togselskap, Vy, i møte med andre togselskap, og hvilke grep vil statsråden gjøre for å styrke Vy sin konkurranseevne i anbudsrundene?

Grunngiving

I forbindelse med regjeringens jernbanereform ble Norske tog AS opprettet. Selskapets formål er å leie ut statens togmateriell til togselskaper som kjører på oppdrag fra staten. Togene som tidligere var eid av NSB/Vy, eies nå av Norske tog AS. I Aftenposten 1.9 trekkes det fram som en utfordring for Vy at de ikke eier sine egne tog, og dermed blir mindre fleksible sammenlignet med konkurrerende selskap som har en egen park med togsett de kan benytte seg av, utover de som leies fra Norske tog AS.

Jon Georg Dale (FrP)

Svar

Jon Georg Dale: Dei organisatoriske endringane regjeringa har gjennomført i jernbanesektoren, har lagt til rette for at konkurransen om persontrafikken med tog kan skje på like vilkår. Det var til dømes naudsynt å skilje ut rullande persontogmateriell frå tidligare NSB-konsernet (nå Vygruppen) for å leggje til rette for like konkurransevilkår og låge etableringshindringar for togoperatørane som ønskjer å delta i konkurransane.

Regjeringa har lagt vekt på at dei strukturelle endringane i tidligare NSB-konsernet ikkje skulle skape unaudsynte utfordringar i den operasjonelle drifta. Som eigar av Vygruppen, har eg gjennom heile fisjonsprosessen vore oppteke av at selskapet skal ha ein føremålstenleg kapitalstruktur til å kunne omstille seg til konkurranse. Det blei av disse omsyn tatt ut eit lågare utbytte frå Vygruppen i 2016 enn kva som følgjer av gjeldande utbyttepolitikk, og i 2017 blei det ikkje teke noko utbyte frå selskapet.

Vidare har det vore viktig for regjeringa å leggje til rette for at Vygruppen AS kan byte pensjonsordning frå ytelsesbasert ordning, med medlemskap i Statens pensjonskasse (SPK), til ei privat tenestepensjonsordning. Ei privat tenestepensjonsordning gir selskapet større føreseielegheit og lågare kostnader til pensjon, noko som styrkjar Vygruppen AS si konkurranseevne. Regjeringa har difor sørga for at Vygruppen AS vil få innfridd sine reguleringsforpliktingar i SPK, jf. Prop. 129 S (2016-2017)/Innst. 401 S (2016-2017).

Eg meiner difor at Vygruppen, med dei gjeldande rammevilkåra, har gode føresetnader for å bli konkurransedyktig og vinne framtidige konkurransar. Vygruppen vant ikkje konkurransane om trafikkpakke 1 og trafikkpakke 2, men selskapet var i båe tilfella med i sluttfasen av konkurransane. Som eigar ønsker eg at Vygruppen skal hevda seg sterkt i togkonkurransane.

Jernbanedirektoratet avgjer om det skal være obligatorisk å bruke materiell frå Norske tog AS eller ikkje når trafikkpakkar leggjast ut for konkurranse. I trafikkpakke 1 er det ikkje gitt høve til å ta med eigne køyretøy. All produksjon som inngår i trafikkpakka skal baserast på køyretøy som blir stilt til disposisjon frå Norske tog AS. I trafikkpakke 2 skal all kjøpt trafikk som inngår i trafikkpakka baserast på køyretøy som blir stilt til disposisjon av Norske tog AS. Jernbanedirektoratet har samstundes opna for at tilbydarane kan bruke eigne køyretøy dersom dei ønskjer å tilby ekstra trafikk på kommersiell basis. Dette føreset at Norske tog AS ikkje har ekstra køyretøy for kommersiell bruk.

Som eigar har eg ikkje mottatt signal frå Vygruppen AS på at dei ikkje er rigga for konkurranse. Eg opplev tvert i mot at selskapet meiner det har gode føresetnader til å vinne komande konkurransar. Eg forventar at Vygruppen AS driv verksemda si effektivt og at dei leverer gode og sikre tenester til dei reisande, og etter mi vurdering jobbar selskapet systematisk og godt med dette. Eg forventar og at selskapet arbeider kontinuerleg med å vidareutvikle og forbetre verksemda, for å styrkje selskapet ytterlegare til komande konkurransar.

Dokumentet er elektronisk signert og har derfor ikkje handskreven signatur.