Teknisk test 17.–18. september

Tirsdag 17. og onsdag 18. september gjennomføres det tekniske tester av infrastrukturen i stortingssalen. I perioden vil blant annet talerlisten, nett-TV og førstesiden på  stortinget.no bli testet, og det kan oppleves aktivitet i disse.

Skriftleg spørsmål fra Sigbjørn Gjelsvik (Sp) til samferdselsministeren

Dokument nr. 15:2223 (2018-2019)
Innlevert: 30.08.2019
Sendt: 02.09.2019
Svart på: 09.09.2019 av samferdselsminister Jon Georg Dale

Sigbjørn Gjelsvik (Sp)

Spørsmål

Sigbjørn Gjelsvik (Sp): Vil statsråden ta initiativ til en ekstern gransking av anbudsprosessene knyttet til trafikkpakke 1 og trafikkpakke 2, blant annet med bakgrunn i opplysningene som fremkommer Aftenposten 1. september 2019?

Jon Georg Dale (FrP)

Svar

Jon Georg Dale: Eg ser ingen grunn til å gjennomføra ei ekstern gransking av anskaffingsprosessane for trafikkpakke 1 og 2.



Jernbanedirektoratet har orientert Samferdselsdepartmentet om at alle tilbydrarar i konkurransene av trafikkpakke 1 og 2 fekk tilbod om eit evalueringsmøte slik at Jernbanedirektoratet som oppdragsgjevar kunne innhenta synspunkt på anskaffingsprosessen.



Det har i desse møta ikkje kome fram synspunkt eller merknadar som talar for eit behov for å gjennomføra ei ekstern gransking. Dessutan er togkonkurransane gjennomførte utan at det har kome klaga på tildeling av kontrakt til SJ Norge for trafikkpakke 2, medan den eine klaga som kom i samband med trafikkpakke 1, frå SJ Norge, ikkje fekk medhald.



Begge konkurransane er gjennomførte etter dei grunnleggjande anskaffingsrettslege prinsippa om konkurranse, likehandsaming, føreseielegheit, etterprøvbarheit og forholdsmessigheit, og dessutan i samsvar med reglane som er sett opp i konkurransegrunnlaget for dei to trafikkpakkane. Alle desse prinsippa og reglane er viktige for å tryggje alle tilbydarane om at dei blir likt handsama.



Eg legg også til at Stortingets Transport- og kommunikasjonskomite i fleire månander gjekk gjennom måten Trafikkpakke 1 var gjennomført på, utan at komiteen fann grunnlag for å kome med kritikk til anbudsprosessen.