Teknisk test 17.–18. september

Tirsdag 17. og onsdag 18. september gjennomføres det tekniske tester av infrastrukturen i stortingssalen. I perioden vil blant annet talerlisten, nett-TV og førstesiden på  stortinget.no bli testet, og det kan oppleves aktivitet i disse.

Skriftleg spørsmål fra Tore Storehaug (KrF) til næringsministeren

Dokument nr. 15:2211 (2018-2019)
Innlevert: 30.08.2019
Sendt: 30.08.2019
Svart på: 06.09.2019 av næringsminister Torbjørn Røe Isaksen

Tore Storehaug (KrF)

Spørsmål

Tore Storehaug (KrF): Kva vil statsråden gjere for å sikre at prosessar er føreseielege for bergverk i drift som er avhengige av langsiktig planlegging?

Grunngiving

Bergverk i drift er avhengige av å kunne planlegge drifta si i lang tid for å sikre god utnytting av ressursen og god styring av eige bergverk og entreprenørar. Det synes som om tida for handsaming av søknadar for fleire av desse tar lang tid. Til dømes har Rekefjord Stone i Sokndal sin søknad om driftskonsesjon vore til handsaming sidan mars 2014. Bedrifta vil halde fram drift i same område som i dag, men ventar framleis på svar om dei får løyve til dette.

Torbjørn Røe Isaksen (H)

Svar

Torbjørn Røe Isaksen: Eg er oppteken av at bedrifter skal ha moglegheit for kunne planleggje langsiktig. Det har i lengre tid vore ei lang sakshandsamingstid i Direktoratet for mineralforvaltning (DMF). Mykje av årsaka til dette er eit etterslep etter at ny lov om erverv og utvinning av mineralressursar trådde i kraft. Den nye minerallova hadde ei overgangsordning som gjaldt til 2015. I 2014 og 2015 mottok DMF langt fleire søknadar om konsesjon enn opphaveleg føresett. Dette skuldast både at antal tiltak som fall inn under etatens fagansvar auka betydeleg og at uttak som allereie var i drift måtte søke om konsesjon. I tillegg fekk direktoratet fleire oppgåver enn tidlegare.

Dette er bakgrunnen for at regjeringa systematisk har styrka DMF over fleire år. Driftsløyvinga til DMF har auka frå i underkant av 30 mill. kroner i 2014 til om lag 56 mill. kroner i 2019. Dette har styrka kapasiteten til etaten, noko som igjen har ført til redusert konsesjonskø. Alle konsesjonssøknadar som DMF mottok før overgangsordningas utløp 1. januar 2015, var i løpet av 2018 anten ferdig handsama (465 saker) eller under handsaming (86 saker).

Styrkinga av DMF har gitt resultat. Konsesjonskøen er redusert frå seks år i 2016 til om lag to år i 2018. DMF prioriterer så langt det lar seg gjere søknadar som gjeld nye uttak, for ikkje å hindre næringsutvikling. Uttak som er omfatta av overgangsordninga har mellombels tillating til drift, inntil søknad om driftskonsesjon er ferdig handsama av DMF. I tillegg er sjølve sakshandsamingstida for søknadar om driftskonsesjon redusert frå 2016 til 2018. DMF har vektlagt å auke sakshandsamingskapasiteten samt å utvikle nye sakshandsamingsrutiner og digitale verktøy.

Vidare arbeider DMF med å utvikle smartare og betre metodar for sakshandsaminga. I februar 2017 starta "Hurtiglinjeprosjektet", der dei tok føre seg dei enklaste grusuttaka fyrst. Sakshandsamingstida frå søknad var høyringsklar til vedtak i saken var fatta, var i gjennomsnitt om lag tre månadar. I tillegg arbeider DMF aktivt med utvikling av eit digitalt søknadsskjema og FastTrack. Målet er å ta i bruk fyrste heilskaplege versjon av digitalt søknadsskjema i løpet av dette året. Denne tenesta skal mellom anna inkludere ein snarveg (FastTrack) for mindre komplekse saker der forholda ligg til rette for ei enklare og raskare sakshandsaming.

Eg vil halde fram arbeidet for å betre kapasitets- og ressurssituasjonen i DMF slik at etaten kan vareta sine oppgåver etter mineralloven på ein betre måte. Eg vil til slutt vise til at Nærings- og fiskeridepartementet i 2018 tok initiativ til ei utgreiing av mineralloven som vi no arbeider med å følgje opp. I den samanheng vil kapasitet, moglege forenklingar og ei betre samordning mellom dei ulike regelverka tiltakshavar må halde seg til, vere aktuelle tema.