Skriftleg spørsmål fra Magne Rommetveit (A) til kommunal- og moderniseringsministeren

Dokument nr. 15:2196 (2018-2019)
Innlevert: 28.08.2019
Sendt: 29.08.2019
Svart på: 05.09.2019 av kommunal- og moderniseringsminister Monica Mæland

Magne Rommetveit (A)

Spørsmål

Magne Rommetveit (A): Vil statsråden sikra kompensasjon for Vestland fylkeskommune sine auka kostnadar knytt til regjeringa og Stortinget sine krav om bruk av null- og lågutsleppsteknologi i nye ferjekontraktar, og då på eit nivå som sikrar kravet om utslepp og samtidig sikrar ein tenleg rutestruktur for pendlarar og skuleelevar?

Grunngiving

Hordaland fylkeskommune har fått mykje velfortent heider for fartøyfornyinga og elektrifiseringa av ferjeflåten.
Hordaland er eit føregangsfylke og har gjort vedtak om at alle dei 17 fylkesvegferjene skal drivast elektrisk innan 2020. I det nye Vestland fylke vil dei samla salderingsutfordringane på drifta vera på mellom 350-400 mill.kroner. Av dette er driftskostnadane på ferje 300 mill. kroner. Investeringskostnadane på landsida for ferjene er rekna til ca. 670 mill.kroner, og det er innvilga eit tilskott frå ENOVA på 270 mill. kroner.
Hordaland fylkeskommune inngjekk desse nye ferjekontraktane for nokre år sidan, og teknologiutviklinga har gått raskt framover etter den tid, mellom anna med endå betre batteriteknologi. På grunn av liggjetid ved kai for lading, er det derfor vanskeleg ved fleire av sambanda å halda same rutemønster som med dei gamle dieselferjene. Dette skapar sjølvsagt vanskar i "rushtida" for arbeidspendlarar og skuleelevar.
For å halda på den høge miljøstandarden elektrisk ferjedrift inneber og samtidig kunna gje dei reisande eit tenleg tilbod, er det derfor naudsynt med statleg kompensasjon for å oppgradera ferjene reint batteriteknisk, eller kompensasjon som på anna vis ivaretek omsynet til både utslepp og bebaring av gjeldandee rutestruktur.

Monica Mæland (H)

Svar

Monica Mæland: Det er fylkeskommunane som har ansvaret for dei fylkeskommunale ferjesambanda, og som har dei beste føresetnadene for å legge opp ein tenleg rutestruktur etter dei lokale forholda. Fylkeskommunane må finansiere ferjedrifta innanfor dei tilgjengelege økonomiske rammene. Inntektssystemet tar allereie omsyn til at fylke med mange ferjesamband kan ha eit høgare utgiftsbehov. Gjennom utgiftsutjamninga i inntektssystemet skal fylkeskommunane få kompensasjon for ufrivillige kostnadsforskjellar, til dømes variasjonar i behovet for ferjer.
Innføringa av null- og lågutsleppsteknologi på ferjene er eit viktig miljøtiltak, og fleire fylkeskommunar har stilt strenge miljøkrav i nye ferjeanbod. Eg meiner det er positivt at fylkeskommunane nyttar innkjøpsmakta si til å fremje miljøvennlege og innovative løysingar. Dette kan på kort sikt gi meirkostnader for fylkeskommunane, men det er førebels vanskeleg å seie noko om korleis miljøsatsinga vil verke inn på utgiftene på lengre sikt. Det er òg uvisse knytt til kor stor del av dei auka kostnadene som skuldast statleg fastsette miljøkrav, og kor stor del som skuldast andre forhold, som til dømes fylkeskommunane sine eigne val og prioriteringar.
Regjeringa har allereie sett i verk fleire tiltak for å støtte opp under fylkeskommunane sitt arbeid med å ta i bruk miljøvennleg teknologi, mellom anna gjennom Envoa. I handlingsplanen for grøn skipsfart, som vi la fram tidlegare i år, har vi varsla at vi vil halde fram med å stimulere til null- og lågutsleppsløysingar innan alle typar fartøy.
Ein eventuell kompensasjon til Vestland fylkeskommune for auka kostnader knytt til miljøkrav i nye ferjekontraktar, må vurderast som ein del av budsjettprosessen på vanleg måte.