Skriftleg spørsmål fra Arne Nævra (SV) til samferdselsministeren

Dokument nr. 15:2177 (2018-2019)
Innlevert: 26.08.2019
Sendt: 26.08.2019
Svart på: 02.09.2019 av samferdselsminister Jon Georg Dale

Arne Nævra (SV)

Spørsmål

Arne Nævra (SV): Som kjent har Buskerudbypakke 2 blitt lagt til siden pga. lokal uenighet. Bompengeavtalen mellom regjeringspartiene sist fredag skaper også en ny situasjon, ikke minst for Drammen og Buskerudbyen.
Hva slags innvirkning vil bompengeavtalen få for Drammensområdet generelt og i forhold til krav til belønningsmidler og statlig medvirkning til ny Holmenbru og Strømsåstunnel?

Jon Georg Dale (FrP)

Svar

Jon Georg Dale: Regjeringa sin bompengeavtale legg klare premiss for korleis framtidige bompengepakkar og byvekstavtalar skal utformast. Formålet er mellom anna å legge til rette for sunn økonomisk styring av offentlege ressursar, betre bymiljø og lågare bompengebelastning.
22. mai 2019 stemte kommunestyret i Nedre Eiker for å skrinleggje Buskerudbypakke 2. Det ligg dermed ikkje per i dag føre ei bypakke for Buskerudbyen som det er lokal semje om.
Dei statlege midlane til gjennomføring av rv 282 Holmenbrua og E134 Strømsåstunnelen – nytt tunnelløp, byggjer på lokalpolitisk tilslutnad til eit opplegg med delvis bompengefinansiert utbygging gjennom Buskerudbypakke 2, jf. Meld. St. 33 / Innst. 460 S (2016-2017) Nasjonal transportplan 2018-2029.
Buskerudbyen må på same måte som andre byar møte dei føresetnadene som Regjeringa no har lagt til grunn, dersom dei ønskjer bypakke/byvekstavtale. I dette må det mellom anna gjerast ei vurdering av om riksvegprosjekt bør takast ut og finansierast isolert eller som del av ei bypakke. Dersom det ikkje blir semje om lokal finansiering, må prioriteringa av rv 282 ny Holmenbru og E134 Strømsåstunnelen – nytt tunnelløp gjerast på nytt i samband med revisjon av Nasjonal transportplan og dei årlege statsbudsjetta.
Buskerudbyen har i dag belønningsavtale for perioden 2018-2019, som inneber 80 mill. kr i belønningsmidlar i 2019. Regjeringa legg i bompengeavtalen opp til at belønningsmidlane til Buskerudbyen kan bli vidareført på 2019-nivå fram til vidareutvikla mål for nullvekst er fastsett (seinast 2021).