Teknisk test 17.–18. september

Tirsdag 17. og onsdag 18. september gjennomføres det tekniske tester av infrastrukturen i stortingssalen. I perioden vil blant annet talerlisten, nett-TV og førstesiden på  stortinget.no bli testet, og det kan oppleves aktivitet i disse.

Skriftleg spørsmål fra Geir Pollestad (Sp) til samferdselsministeren

Dokument nr. 15:2175 (2018-2019)
Innlevert: 26.08.2019
Sendt: 26.08.2019
Svart på: 02.09.2019 av samferdselsminister Jon Georg Dale

Geir Pollestad (Sp)

Spørsmål

Geir Pollestad (Sp): Regjeringa har no presentert sin plan for bompenger.
Kva er prognosane for innbetalte bompenger i 2020 og 2021, med desse tiltaka, samanlikna med 2018-nivået?

Jon Georg Dale (FrP)

Svar

Jon Georg Dale: I bompengeforliket går det mellom anna fram at:



- Regjeringa vil tilby kommunane å auke det statlege bidraget til 66% i 50/50 prosjekta. For kommunane som takkar ja til dette, vil halvparten av det auka tilskotet på om lag 8 mrd. kr. øyremerkast reduserte bompengar og halvparten øyremerkast betre kollektivtilbod i byane etter lokal prioritering.

- Det årlege tilskotet til reduksjon av bompengar utanfor byområda er auka frå dagens 550 mill. kr til om lag 1,4 mrd. kr.

- Regjeringa ønsker vidare å inngå ein byvekstavtale med Nord-Jæren og er innstilt på å auke det statlege bidraget med inntil 50 mill. kr. per år i avtaleperioden dersom det lokalt er ønskje om å inngå ein avtale utan rushtidsavgift og dette lar seg realisere innanfor nullvekstmålet.

- Regjeringa har vidare signalisert ei positiv haldning til innføring av ein 3-timersregel for passeringar på ettermiddag i byvekstområda dersom det er lokalt ønske om dette.



Nærare operasjonalisering av forliket vil mellom anna gå fram av statsbudsjettet for 2020. Vidare føresett fleire av punkta i bompengeforliket lokal tilslutning for at innbetalte bompengar skal bli redusert. Eg vil i budsjettet for 2020 komme med eit konkret forslag til korleis forliket kan handsamast og det er difor for tidleg å gå ut med prognosar for innbetalte bompengar i 2020 og i 2021 som følgje av forliket. Det er likevel ingen tvil om at dersom det vert gitt lokaltilslutning til regjeringa sitt tilbud, så bevilges det 850 mill. kr meir til reduksjon av bompengar i distrikta, og 400 mill. kr i dei store byane samanlikna med budsjett 2019. På toppen av dette kjem fjerning av rushtidsavgifta på Nord-Jæren og evt reduksjonar som følge av lågare utbyggingskostnader.