Skriftleg spørsmål fra Magne Rommetveit (A) til samferdselsministeren

Dokument nr. 15:2068 (2018-2019)
Innlevert: 09.08.2019
Sendt: 09.08.2019
Til behandling

Magne Rommetveit (A)

Spørsmål

Magne Rommetveit (A): Den planlagde fiskerihamna i Langevåg i Bømlo kommune har ikkje fått statlege løyvingar i gjeldande budsjett, og midlar er ikkje avsette før i siste del av NTP. Regjeringa har innført ei forskotteringsordning, der Bømlo ikkje nådde opp i første runde, men ramma er no auka i høve ein andre tildelingsrunde.
Vil fiskerihamna i Bømlo få høve til forskottering ved denne andre tildelinga, og kva blir finansiell statuse for prosjektet når fiskerihamnene blir overførte til fylkeskommunane frå 2020?

Grunngiving

Arbeidarpartiet hadde i sitt framlegg til gjeldande NTP fullfinansiering av moloen i Langevåg. Etter vår meining skulle dei lokale næringsaktørane bruka sine finansielle musklar på å bygga opp infrastrukturen på landsida, medan staten tok sjølve molobygginga.
Når dei statlege innvesteringane no let venta på seg, er dei lokale næringsaktørane så interesserte i å koma i gang at dei har sagt seg interesserte i ei forskottering for å kunna starta molobygginga. Det var derfor svært skuffande at ein ikkje fekk høve til det i den første tildelingsrunden, så no set ein lokalt sin lit til denne andre tildelingsrunden, der ramma altså har blitt auka.
Det er gjort vedtak om, som ein del av regionreforma, at fiskerihamnene skal overførast frå staten til dei nye fylkeskommunane.
Det vil då vera viktig å få avklart om vedteken NTP når det gjeld innvestering i fiskerihamner då vil gjelda som rettesnor for dei overføringane som skal skje mellom staten og fylkeskommunane knytta til overføringa?
Bømlo er av dei største fiskerikommunane våre.
Nær 30% av dei pelagiske trålkvotane i landet soknar til Bømlo fiskerihamn. Bømlo er også ein svær kommune når det gjeld oppdrettsfisk. Både Bømlo, og ikkje minst nabokommunen Stord, er store på, og svært avhengige av olje- og gassaktiviteten og leverandørindustriaktiviteten knytta til denne. Dette er usikre bransjar, der aktiviteten svingar voldsomt.
Det å byggja opp eit sterkare fiskeribaset miljø i regionen vil derfor vera ein viktig faktor for å få meir mangfald i næringsaktiviteten og sysselsetjinga i regionen Sunnhordland.

Jon Georg Dale (FrP)

Svar

Jon Georg Dale: Svaret er enno ikkje tilgjengeleg