Skriftleg spørsmål fra Åsmund Aukrust (A) til samferdselsministeren

Dokument nr. 15:2020 (2018-2019)
Innlevert: 01.08.2019
Sendt: 01.08.2019
Svart på: 09.08.2019 av samferdselsminister Jon Georg Dale

Åsmund Aukrust (A)

Spørsmål

Åsmund Aukrust (A): Er det aktuelt for regjeringa og se åpne opp for dispensasjon for 4 års-kravet for bussjåfører, evt. gjøre regelendringer som åpner for at denne gruppen får tatt i bruk utdanninga de har fått gjennom Bærum kommune og IMDI?

Grunngiving

Bærum Kommune har satt i gang et prosjekt med å rekruttere flyktninger til yrket som bussjåfører, og det er i disse dager 13 personer som tar oppkjøring. Prosjektet er finansiert av IMDI, og deltagerne er plukket ut i samarbeid med busselskapene Nobina og VY, basert på motivasjon og egenhet.
Tredjelandsborgere fra land utenfor EØS må han minst 4 års botid for å kjøre buss i Norge. På grunn av for kort botid må 8 av deltagerne i prosjektet vente lenge, opptill flere år, før de får brukt utdanninga de har tatt finansiert av myndighetene. Dette er deltagere som har vært gjennom et løp som kombinerer norsk- og yrkesopplæring – og systemet framstår rigid om man ikke får muligheten til å få brukt den opplæringa om eneste argument er for kort botid.
Prosjektansvarlig i Bærum kommune har søkt dispensasjon for 4 års-regelen, og IMDI har bedt om å redusere botidskravet til 2-3 år.
Det er i dag på østlandsområdet et stort behov for flere buss-sjåfører, og prosjektet er derfor både et ledd i å rekruttere flere til yrket, og sikre god integrering.
Nå er man i den situasjonen at de ikke får brukt utdanningen sin, og i verste fall ikke vil få jobb, og være avhengig av andre ordninger istedenfor å bidra i et yrke hvor samfunnet har store behov.

Jon Georg Dale (FrP)

Svar

Jon Georg Dale: For å kunne vere sjåfør i yrkesmessig persontransport mot vederlag vert det krevd at sjåføren har køyresetel, som vert utferda av politiet. For utlendingar krevst det 4 års butid i Noreg før køyresetel kan utferdast. Krav om butid gjeld ikkje EØS-borgarar som legg fram politiattest frå heimstaten. Kravet til butid skal gje politiet eit grunnlag for ei naudsynt vurdering av kravet til vandel, som er ein føresetnad for å kunne få utferda køyresetel.



Heimel for kravet til butid vart teke inn i yrkestransportlova ved ei lovendring som vart sett i kraft 23. januar 2015, jf. Prop 15 L (2014-2015) frå Samferdselsdepartementet. Lovendringa var ein tilpassing til den nye politiregisterlova som m.a. fastsett at krav om butid må gå fram av lov eller forskrift med heimel i lov. Gjennom lovendringa vart budtidskravet sett ned frå 5 til 4 år samanlikna med tidlegare forvaltningspraksis.



Kravet om butid er grunnlaget for ei tilfredsstillande vandelsvurdering. Vandelsvurderinga står sentralt for å kunne sikre brukarane av offentleg persontransport god nok tryggleik. Ei vandelsvurdering basert på kort butid i Noreg gjev ikkje tilstrekkeleg grunnlag for ei slik vandelsvurdering.

Endringane i 2015 med krav om 4 års butid er ei avveging av omsynet til tilstrekkeleg tryggleik for brukarane av offentleg tilgjengeleg kollektivtransport og integreringspolitiske omsyn.



Eg kan vanskeleg sjå at det kan vere grunnlag for ei anna vurdering i dag enn det som vart lagt til grunn ved handsaminga av lovframlegget i 2015.



Eg vil elles gjere merksam på at det ikkje vert krevd køyresetel for å kunne ta arbeid som sjåfør i godstransport. Med den føraropplæringa som har vorte gitt, kan det difor vere mogeleg å kvalifisere seg til arbeid som sjåfør i gods- og varebilnæringa.