Skriftleg spørsmål fra Jenny Klinge (Sp) til justis- og innvandringsministeren

Dokument nr. 15:1983 (2018-2019)
Innlevert: 27.06.2019
Sendt: 28.06.2019
Svart på: 03.07.2019 av justis- og innvandringsminister Jøran Kallmyr

Jenny Klinge (Sp)

Spørsmål

Jenny Klinge (Sp): Senterpartiet støtta subsidiært å gi fleirtal for eit framlegg frå Ap og frå justisministeren sitt eige parti, FrP, om å vurdere ei kompensasjonsordning i samband med vedtaket 8/3 2018 om å gi nytt forbod mot visse våpentypar tilbakeverkande kraft. Når er arbeidet med denne kompensasjonsordninga ferdig og skal saka handsamast i Stortinget eller i regjeringa?

Grunngiving

Då den nye våpenlova vart vedteken i Stortinget 8/3 2018, gjorde vi i Senterpartiet framlegg om å innføre ei kompensasjonsordning for våpeneigarar som blir ramma av at fleirtalet innfører forbod med tilbakeverkande kraft på somme halvautomatiske rifler. Dette fekk vi ikkje støtte frå andre parti til, men vi valte då å støtte – og gi fleirtal for – eit framlegg frå FrP og Ap som var slik:
Stortinget ber regjeringen vurdere hvordan våpeneiere som rammes av forbudet mot enkelte typer halvautomatiske rifler, kan kompenseres.»
Vi i Senterpartiet har heile tida vore mot å innføre forbod mot desse aktuelle våpna med tilbakeverkande kraft. Vi meinte det var feil å ramme lovlydige våpeneigarar, som har kjøpt våpna sine i tråd med gjeldande lovverk. Det er ein ny praksis når forbodet som vart varsla frå regjeringa og vedteke av Stortinget i 2018 faktisk skal få tilbakeverkande kraft, og i tillegg skal ikkje verdien på desse våpna bli kompensert.
Det er for øvrig verdt å vise til kva stortingsrepresentant frå Høgre, Peter Christian Frølich, sa i debatten om den nye våpenlova 8. mars 2018:
«Vi har kommet til at det ikke er passende med en økonomisk kompensasjon i dette tilfellet. Det gis romslige overgangsordninger, som bør være tilstrekkelig. I en tid hvor politikerforakten er på frammarsj, mener jeg at det noen ganger er mest ryddig og riktig å kalle en spade for en spade. I stedet for å komme med enkle formuleringer om at man skal vurdere det ene, det andre og det tredje, står faktisk Høyre fast på at i dette tilfellet er det ikke realistisk med noen økonomisk kompensasjon. Det er en klar og tydelig beskjed ut til dem som bryr seg om dette. Og det står vi fast på, selv om vi mest sannsynlig ikke får flertall for det, for i dette tilfellet er det ikke passende med noen økonomisk kompensasjon.»
Dette er altså Høgres meining. Regjeringspartneren deira, FrP, valte saman med Ap å be om ei vurdering av ei kompensasjonsordning. Desse to partia kunne gjeve fleirtal for vårt forpliktande framlegg om å innføre ei slik kompensasjonsordning, men når dei ikkje gjorde det, er det i alle fall viktig at det blir gjort ei ordentleg vurdering av ei mogleg kompensasjonsordning. Stortingets fleirtal stod bak vedtaket om at regjeringa skulle gjera ei slik vurdering, og Justisdepartementet bør kunne vise til at dei er i gang med arbeidet for lengst.


Jøran Kallmyr (FrP)

Svar

Jøran Kallmyr: Saken representanten viser til er under oppfølging i departementet. Når spørsmålet er ferdig utredet, vil regjeringen komme tilbake til Stortinget med en vurdering av en kompensasjonsordning for våpeneiere som rammes av forbudet mot enkelte typer halvautomatiske rifler i ny våpenlov. Jeg kan ikke på nåværende tidspunkt angi når utredningen vil være ferdigstilt.