Skriftleg spørsmål fra Kari Henriksen (A) til samferdselsministeren

Dokument nr. 15:1951 (2018-2019)
Innlevert: 22.06.2019
Sendt: 24.06.2019
Svart på: 28.06.2019 av samferdselsminister Jon Georg Dale

Kari Henriksen (A)

Spørsmål

Kari Henriksen (A): Kan du liste opp hvilke kriterier som lå til grunn da det ble gitt unntak om losplikt for skoleskip?

Grunngiving

Det vises til FOR-2014-12-17-1808 (Forskrift om losplikt og bruk av farledsbevis, også kalt lospliktforskriften). I Kapittel 2- Losplikt, § 3 Lospliktige fartøy er det i ledd 2 listet opp fartøytyper som er fritatt losplikt. I §3, ledd 2d står det skoleskip.

Stiftelsen Fullriggeren Sørlandet har tre Skværriggere som ofte benevnes som skoleskip. Ved etablering av deres heleide A+ World Academy, fungerer Fullriggeren Sørlandet som skoleskip i ca. 300 dager hvert kalenderår. Dette tilsier at de bør kunne benevnes som skoleskip. Imidlertid får vi tilbakemelding om at de opplever at det i Kystverket er usikkerhet om hvorvidt dette er et skoleskip eller ikke.

Jon Georg Dale (FrP)

Svar

Jon Georg Dale: I den gjeldande lospliktforskrifta (forskrift 17. desember 2014 nr. 1808) § 3 andre ledd bokstav d er det bestemt at skuleskip ikkje er lospliktige. Fritaket for skuleskip vart teke inn i lospliktforskrifta i 2010, då det generelle fritaket for fartøy i innanriks fart blei fjerna. Utan eit slikt fritak ville skuleskip ha blitt lospliktige på lik linje med alle andre passasjerfartøy i innanriks fart. Fritaket for skuleskip vart innarbeida etter offentleg høyring og var basert på eit innspel frå Norges Rederiforbund. Det vart vist til at skipa vert drivne av norsk mannskap og at det ikkje var intensjonen med den nye forskrifta å gjere skuleskip lospliktige. Omgrepet «skuleskip» er ikkje nærmare definert i forskrifta.

Kystverket, som er tilsynsmyndigheit etter lospliktforskrifta, har i sin forvaltningspraksis teke stilling til forståinga av omgrepet «skuleskip». Dette med bakgrunn i at nokre av desse skipa både opererer i deler av året med elevar og medseglarar som gjer teneste om bord, men òg seglar med betalande passasjerar som ikkje er i opplæring i andre delar av året. Av omsyn til tryggleiken til passasjerane og likebehandling med andre passasjerfartøy, har Kystverket lagt til grunn at fartøya ikkje er skuleskip, og dermed er lospliktige, når dei seglar med betalande passasjerar. Elevar og medseglarar som gjer teneste på skipet, men som betalar for kost og losji, reknast her ikkje som betalande passasjerar. Kystverket opplever at skuleskipa har innretta seg etter denne praksisen, og fleire av skuleskipa har navigatørar med farleibevis og løyser losplikta på den måten i dei periodane dei reknast som lospliktige.