Skriftleg spørsmål fra Frida Melvær (H) til kunnskaps- og integreringsministeren

Dokument nr. 15:1843 (2018-2019)
Innlevert: 13.06.2019
Sendt: 13.06.2019
Svart på: 18.06.2019 av kunnskaps- og integreringsminister Jan Tore Sanner

Frida Melvær (H)

Spørsmål

Frida Melvær (H): Eg er kjend med at Sogn og Fjordane fylkeskommune har søkt om forlenging av forsøk med programfaget klima- og miljøfag 1 og 2 ved Firda vidaregåande skule.
Korleis stiller kunnskapsministeren seg til dette?

Grunngiving

Klima og miljøfag er nye programfag for vidaregåande skule. Firda vidaregåande skule i Gloppen har utarbeidd læreplanar for dei to faga og har dei tre siste åra gjennomført forsøk med dei nye læreplanane. Sogn og Fjordane fylkeskommune har søkt om godkjenning av læreplanane slik at alle skular i Noreg etter kvart kan tilby desse faga. Dette er ein prosess som kan ta noko tid og ei eventuell godkjenning kan ikkje bli klar til skulestart skuleåret 2019/2020. Av den grunn er det sendt søknad om å få forlenga forsøksperioden med eitt år slik at elevane ved Firda vidaregåande skule kan få tilbod om dette faget også kommande skuleår.

Jan Tore Sanner (H)

Svar

Jan Tore Sanner: Skoleeigar kan søkje Utdanningsdirektoratet om å få innvilga tidsavgrensa forsøk for å prøve ut andre pedagogiske eller organisatoriske grep enn det gjeldande regelverket opnar for. Formålet med slike forsøk er å leggje til rette for skuleutvikling og gi kommunar og fylkeskommunar muligheit til å prøve ut nye idear for å sjå om dei gir gode resultat på for eksempel læringsresultat eller skolemiljø.
Firda vidaregåande skule har sidan 2016 gjennomført eit forsøk med å tilby Klima- og miljøfag 1 og 2 som programfag på skulen. Sogn og Fjordane fylkeskommune har søkt Utdanningsdirektoratet om å forlengje forsøksperioden for begge faga ut skuleåret 2020/2021.
Eg har stilt meg positiv til søknaden frå skulen om å forlengje forsøket. Dette har departementet meldt tilbake til Utdanningsdirektoratet. Direktoratet sender i dag, 18. juni, si avgjerd om at forsøket på Firda vidaregåande skule blir forlengja ut skuleåret 2020/2021.
Skolen fortel at dei har hatt gode erfaringar med forsøket, og at det har vært svært meiningsfullt og engasjerande for elevane å jobbe med faga. Dette synes eg er svært positivt. Eg meiner også at forsøket er interessant fordi klima- og miljøfaget vil kunne samle dagsaktuelle og framtidsretta tema i eit og same fag på ein ny måte. Forsøket synes i tillegg å være av interesse for lokalt næringsliv og i kommunal sektor.