Skriftleg spørsmål fra Fredric Holen Bjørdal (A) til kunnskaps- og integreringsministeren

Dokument nr. 15:1793 (2018-2019)
Innlevert: 06.06.2019
Sendt: 06.06.2019
Svart på: 13.06.2019 av kunnskaps- og integreringsminister Jan Tore Sanner

Fredric Holen Bjørdal (A)

Spørsmål

Fredric Holen Bjørdal (A): Dersom ein mindreårig ungdom sluttar i vidaregåande opplæring etter råd frå Oppfølgingstenesta, kven har då ansvaret for å sikre at barnet får vidare oppfølging?

Grunngiving

Oppfølgingstenesta (OT) arbeidar med og for ungdom som har rett til vidaregåande opplæring til og med det året dei fyller 21 år, og skal kontakte dei som til dømes har avbrote opplæringa før den er ferdig eller viss dei ikkje er i arbeid. OT skal òg bistå med å formidle tilbod om opplæring, arbeid eller kompetansefremjande tiltak, eventuelt ein kombinasjon av desse, og samarbeider med fylkeskommunale, kommunale og statlege instansar som òg har ansvar for ungdom. Likevel kan det vere uklart for vanlege folk kvar dette ansvaret stoppar, og fordelinga mellom kva som er heimkommunen sitt ansvar og kva som er Oppfølgingstenesta sitt ansvar.

Jan Tore Sanner (H)

Svar

Jan Tore Sanner: Oppfølgingstenesta (OT) er ei teneste som gjeld alle som har rett til opplæring etter § 3-1 i opplæringslova. Denne tenesta gjeld fram til dei fyller 21 år. Oppfølgingstenesta skal gi et tilbod til alle som ikkje har søkt eller teke imot elev- eller læreplass. Tenesta gjeld også for dei som har avbryte opplæringa si, som ikkje er i arbeid, eller som har tapt retten til opplæring etter § 3-8 eller § 4-6.
Oppgåvene til oppfølgingstenesta består av å ha oversikt over alle i målgruppa og legge til rette for at dei i målgruppa får informasjon. Vidare skal dei etablere kontakt med målgruppa, og følgje opp dei som har teke imot tilbod. Verkemidla for å gje målgruppa tilbod om kompetansefremjande tiltak eller arbeid ligg ikkje nødvendigvis hos oppfølgingstenesta sjølv. Det er nødvendig med tett samarbeid med andre aktørar. Dette kan til dømes være skular, den pedagogisk-psykologiske tenesta, arbeids- og velferdsforvaltninga og helse- og sosialtenestene. I fleire fylkeskommunar har oppfølgingstenesta likevel arbeidet med å bygge opp eit tenestetilbod sjølv.
Det vil seie at dersom ein mindreårig ungdom sluttar i vidaregåande opplæring etter råd frå OT, så skal også OT passe på at ungdomen får eit tilbod om kompetansefremjande tiltak. Dersom det beste verkemidlet for å gje eit tiltak ligg hos ein anna statleg instans må OT også ta omsyn til dei faglege vurderingane til denne instansen. OT har ikkje moglegheit til å pålegge andre statlege instansar ein rolle i oppfølginga av ein ungdom, men skal leggje til rette for at ulike instansar samarbeider.
Kunnskapsdepartementet skal no vurdere om det vil vere hensiktsmessig å gje eit større og meir tydeleg ansvar til oppfølgingstenesta som eit ledd i regionreformen. Departementet undersøker òg om dette er mogleg å gjere utan å legge for mange føringar for korleis fylkeskommunane utøver sitt arbeid. Auka gjennomføring i vidaregåande opplæring er ein viktig sak for sittande regjering, og dei som ender opp i oppfølgingstenestas målgruppe fortener gode tilbod.