Skriftleg spørsmål fra Arne Nævra (SV) til samferdselsministeren

Dokument nr. 15:1634 (2018-2019)
Innlevert: 15.05.2019
Sendt: 16.05.2019
Svart på: 24.05.2019 av samferdselsminister Jon Georg Dale

Arne Nævra (SV)

Spørsmål

Arne Nævra (SV): I RNB står det: "Som følgje av forsinkingane i planprosessen er behovet for pengar til Ringeriksbanen og E16 Høgkastet-Hønefoss i år redusert med om lag 625 millionar kroner frå løyvinga på 1 016 millionar kroner i statsbudsjettet for 2019".
Betyr dette at sjansene for å starte byggearbeidene på Ringeriksbanen i 2021 nå minsker i forhold til oppstart i 2022, og hva vil statsråden gjøre for at 2021 skal bli byggestart?

Grunngiving

På regjeringas statsbudsjett nettside står det:

"RNB i dag, 14.5.19:
Framleis mogleg med anleggsstart på Ringeriksbanen i 2021/22
På grunn av revidering av reguleringsplanen for Ringeriksbanen og E16 Høgkastet - Hønefoss etter ei ny, avgrensa høyringsrunde, har planprosessen tatt noko lengre tid enn det som tidlegare har vore lagt til grunn for fellesprosjektet.
Som følgje av forseinkingane i planprosessen er behovet for pengar til Ringeriksbanen og E16 Høgkastet-Hønefoss i år redusert med om lag 625 millionar kroner frå løyvinga på 1 016 millionar kroner i statsbudsjettet for 2019. I tillegg til omdisponeringane til vedlikehald, støtteordning for gods og framskunda investeringar, foreslår regjeringa å bruke 114 av dei 625 millionar kronene på å framskunde planlegging av andre jernbaneinvesteringar.
- Ringeriksbanen har høg prioritet for regjeringa og prosjektet får framleis dei midlane dei treng i 2019. Når strekninga mellom Sandvika og Hønefoss står ferdig, vil togtilbodet mellom Oslo og Ringerike og vidare til Bergen bli mykje betre enn i dag, med nær ein time kortare reisetid og mange fleire avgangar. Sjølv om planprosessen er litt forseinka, vil det ikkje påverke moglegheita for anleggsstart på Ringeriksbanen i 2021/2022, seier samferdselsminister Jon Georg Dale».

Mange på Ringerike stiller seg nå spørsmålet om dette får følger for framdriften og når det blir byggestart.

Jon Georg Dale (FrP)

Svar

Jon Georg Dale: Som det er gjort greie for i Prop. 114 S (2018-2019) Tilleggsbevilgninger og omprioriteringer
i statsbudsjettet 2019, kan ikkje fellesprosjektet Ringeriksbanen/E16 Høgkastet-Hønefoss nytte seg av heile løyvinga i saldert budsjett 2019. Hovudårsaka for dette er at arbeidet med reguleringsplana har tatt lengre tid enn tidlegare føresett. I Saldert budsjett 2019 var det satt av 1 016 mill. kroner til planlegging av fellesprosjektet. Reguleringsplana skulle ha blitt fastsatt før jul i 2018. Med bakgrunn i høringsinnspela måtte Bane NOR revidere planen og sende han på ei ny begrensa høring. Prosjektet er nå i sluttfasa med planen, som så skal sendast til Kommunal- og moderniseringsdepartementet for fastsetjing.
Som ein konsekvens av forseinkingane i arbeidet med reguleringsplanen, har ikkje fellesprosjektet kunne gjennomføre aktivitetar som krev ein vedtatt reguleringsplan, som til dømes grunnerverv, slik det er føresett i saldert budsjett. Vidare har prosjektet hatt noko lågare behov for kjøp av ekstern bistand. Dette har gjort det naudsynt å justere løyvinga i 2019.
Bane NOR har forsikra meg om at forseinkinga i arbeidet med reguleringsplanen ikkje påverkar moglegheita for byggjestart i 2021/22 slik regjeringa har føresett i Nasjonal transportplan 2018-2029, så framt Stortinget løyver dei naudsynte midlane for gjennomføring av prosjektet.