Skriftleg spørsmål fra Siv Mossleth (Sp) til samferdselsministeren

Dokument nr. 15:1611 (2018-2019)
Innlevert: 10.05.2019
Sendt: 13.05.2019
Svart på: 20.05.2019 av samferdselsminister Jon Georg Dale

Siv Mossleth (Sp)

Spørsmål

Siv Mossleth (Sp): Ungdom i Nordland reiser med fylkeskommunens buss-, hurtigbåt- og fergeruter til en fast pris på 410 kroner måneden. Ungdomskortet er for ungdom fra 16-19 år. Men ungdom som er avhengig av tog for å pendle hjem fra videregående skole fire helger i måneden, f.eks. strekningen Mosjøen – Bodø må betale 2856 kroner, inkludert 50 % rabatt. Dette er veldig stor prisforskjell for de som må ta tog, kontra de som kan ta bussen.
Hva kan ministeren gjøre for å gi samme mulighet til billig reise for ungdom med toget?

Jon Georg Dale (FrP)

Svar

Jon Georg Dale: Som samferdselsminister er eg oppteken av at alle dei reisande kjem seg fram dit dei ønskje. Persontransport med tog er viktig mange stader i landet, både av omsyn til miljøet og for å sikre dei reisande, inkludert barn og unge eit godt og effektivt kollektivtilbod. Difor har eg ei målsetting om at jernbana skal være eit konkurransedyktig transportalternativ.
Regjeringa kjøper persontogtenester for om lag 4,1 mrd. kroner i 2019 for å sikre eit godt tilbod til dei reisande. Dette bidreg til å dekke dei faktiske kostnadene. Medan staten set rammene for billettprisane på jernbana, ligg takststyresmakta for annan kollektivtransport med buss, båt, t-bane, trikk og bybane hos fylkeskommunane.
I avtalane med togoperatørane set staten krav til maksimalprisar og rabattar for utvalde kundekategoriar. I 2019 vart Jernbanedirektoratet samd med Vy om betre vilkår for barn og ungdom ved at øvre aldersgrense for barn utanfor takstsamarbeidsområda vart heva med to år. Reisande til og med 17 år vert no tilbodne minimum 50 prosent rabatt på ordinær pris på einskildbillett. Samstundes vart nedre grense heva med to år slik at barn under skulealder på seks år reiser gratis. For ungdom under utdanning tilbyr Vy 25 prosent studentrabatt på einskildbilletten.
Togoperatørane kan likevel tilby betre prisar og vilkår ut i frå kommersielle vurderingar. På strekninga Mosjøen–Bodø tilbyr til dømes Vy miniprisar på einskilde avgangar som ligg betydeleg lågare enn dei ordinære prisane.
Staten har sett krav om at kvar fylkeskommune skal ha eit ungdomskort for dei mellom 16 og 19 år til rimeleg pris som gir reiserett i ein månad med fylkeskommunen sine buss-, hurtigbåt- og ferjeruter i heile fylket. Fylkeskommunen kan sjølv inngå avtale om at kortet og skal gjelde på tog og riksvegferjer. Nordland har sett prisen på slikt kort til 410 kr pr. månad.
I motsetnad til i einskilde andre fylker, har Nordland fylkeskommune valt å ikkje inngå avtale med jernbana om at det fylkeskommunale ungdomskortet òg skal gjelda toget. Det er dermed billettane og prisane til toget som gjeld for dei reisande på Nordlandsbanen. Dette er Nordland fylkeskommune velkomne til å gjere. Nordlandsbanen er ein del av Trafikkpakke 2 Nord som etter planen vert tildelt sommaren 2019. Tilbydarane er oppmoda til eit tett samarbeid med fylkeskommunane. Om Nordland fylkeskommune ønskjer at ungdomskortet til fylkeskommunen òg skal gjelda på toget, er det opp til fylkeskommunen å avtale dette med togoperatøren.