Skriftleg spørsmål fra Nils T. Bjørke (Sp) til forsvarsministeren

Dokument nr. 15:1593 (2018-2019)
Innlevert: 09.05.2019
Sendt: 09.05.2019
Svart på: 16.05.2019 av forsvarsminister Frank Bakke-Jensen

Nils T. Bjørke (Sp)

Spørsmål

Nils T. Bjørke (Sp): Korleis er framdrifta i objektsikringssaka no – og er det endringer ut over det som kom fram i den opne høyringa 27. august 2018?

Grunngiving

Det har gått eit halvt år sidan Stortinget sist debatterte framdrift i den såkalla objektsikringssaka. Stortinget handsama hausten 2018 oppfølginga av undersøkinga som Riksrevisjonen hadde gjort. På bakgrunn av dette, vart det vedtatt følgande:

"Stortinget mener det er sterkt kritikkverdig og svært alvorlig at regjeringen ikke har fulgt godt nok opp arbeidet med objektsikring hva gjelder grunnsikring av skjermingsverdige objekter og beskyttelse av objekter ved bruk av sikringsstyrker fra politiet og Forsvaret ved Heimevernet, samt at det har vært gitt mangelfull informasjon til Stortinget om utsettelser og kostnader."

Dette spørsmålet er no stilt for å kunne gje Stortinget innsyn og oppdatert informasjon i saka.

Frank Bakke-Jensen (H)

Svar

Frank Bakke-Jensen: Eg viser til brev frå Stortingets president av 9. mai 2019 med spørsmål frå stortings-representant Nils T. Bjørke om status for arbeidet med objektsikring.
Forsvarssektoren har dei seinare åra gitt arbeidet med objektsikring prioritet. Det har særleg blitt lagt vekt på å følge opp Riksrevisjonens tilrådingar i undersøkingane som blei lagt fram i 2016 og 2018. Arbeidet har medført forbetringar både med omsyn til permanent grunnsikring av skjermingsverdige objekt og Forsvarets sikring av objekt med sikringsstyrkar.
Kontroll- og konstitusjonskomiteen føresette i Innst. 88 S (2018-2019) Riksrevisjonens undersøking av oppfølging av objektsikring at regjeringa følger opp Riksrevisjonens fire tilrådingar, og at Stortinget seinast i samband med revidert nasjonalbudsjett for 2019 får seg førelagt ein heilskapleg plan for oppfølging, herunder tidsplan for gjennomføring og forventa kostnader. Forsvarsdepartementet varsla i Prop. 1 S (2018-2019) at det seinast i samband med revidert nasjonalbudsjett for 2019 ville bli gitt informasjon relatert til arbeidet med objektsikring.
Eg viser derfor til informasjonssaka om objektsikring i revidert nasjonalbudsjett 2019, som dekker både Forsvarsdepartementet og Justis- og beredskapsdepartementet si oppfølging av saka.