Skriftleg spørsmål fra Magne Rommetveit (A) til samferdselsministeren

Dokument nr. 15:1578 (2018-2019)
Innlevert: 07.05.2019
Sendt: 08.05.2019
Svart på: 20.05.2019 av samferdselsminister Jon Georg Dale

Magne Rommetveit (A)

Spørsmål

Magne Rommetveit (A): Kva vil statsråden gjera for å få skikk på riksvegferjesambandet Halhjem-Sandvikvåg på Kyststamvegen E39 mellom Stord og Bergensområdet, og kan statsråden sei noko om framdrifta når det gjeld å få fastsamband på denne viktige hovudpulsåra langs kysten vår?

Grunngiving

Sidan rutelaget Torghatten Nord overtok sambandet frå Fjord 1 ved årsskiftet har det no vore kluss med regulariteten og ei mengd med kansellerte avgangar i 4 månadar.
Hausten 2016 blei det klart at Torghatten Nord skulle overta ferjesambandet Halhjem-Sandvikvåg frå Fjord 1. Ein skulle tru at elskapet hadde god tid på seg til anbudet skulle tre i kraft 1. januar 2019. Likevel var det ingen av dei nykontraherte ferjene som var klare til drift ved årsskiftet, og selskapet starta opp med innleigde ferjer som dels ikkje hadde fart nok til å halda dei oppsette rutetidene og dels ikkje var skikka til å tola vestlandsveret. I løpet av dei to første vekene i 2019 blei 100 avgangar mellom Halhjem og Sandvikvåg kansellerte pga. veret. Til og med maskinstans midtfjords enda med at passasjerar fekk forlenga reisetida med mange timar.
Når dei nye ferjene etter kvart har blitt fasa inn i sambandet utover våren, har det synt seg at selskapet har hatt store innkøyringsutfordringar av teknisk art og dels med å takla verforholda.
Propelltrøbbel, grunnstøyting, vannintrenging i maskinromom, og ferje som ikkje fekk opp lemmen er nokre av dei problema som altså har ført til at me på dette viktige riksvegsambandet no har hatt fire månadar der passasjerane stadig har blitt ståande igjen på kaien.
Og folk reiser ikkje utelukkande med desse ferjene fordi dei synest det er så kjekt med ferje. Folk og næringsliv nyttar sambandet fordi ein skal rekka noko i andre enden, og då er det sjølvsagt viktig at det er forutsigbart når ferja kjem og går.
Det er ei mager trøyst for dei reisande og for næringslivet at Statens vegvesen gir bøter til reiarlaget Torghatten Nord fordi dei bryt kontrakten. Dei reisande og næringslivet i distriktet tapar store summar og sit igjen i ein frustrert kvardag, og det utan å bli kompensert på noko vis.
Torghatten Nord sitt anbod på sambandet seiest å ha vore 1 mrd. kroner rimelegare enn Fjord 1, men til no har dette skiftet av reiarlag vore svært frustrerande, med lite forutsigbar drift for dei reisande og for næringslivet.
Til slutt må det nemnast at når dei nye ferjene virkar og når dei er i rute, så tilbyr dei ei behageleg reise, med imøtekomande og blide mannskap og med mykje enklare ombordkøyring i og med at AutoPass er teke i bruk, og at ei derfor slepp å stå i kø for billettering på land.

Jon Georg Dale (FrP)

Svar

Jon Georg Dale: Torghatten NORD AS opplyser at dei har hatt tekniske utfordringar med både propellar og motorar så vel som systemfeil på automasjonssystema om bord. Alle dei fire hovudfartøya er no i rute på sambandet. Det siste nybygget som var planlagt som reserveferje frå 1. januar 2019, er no planlagt levert i juni. MF Fanafjord (ei av dei gamle gassferjene til Fjord1) fungerer som reserveferje fram til dette nybygget blir levert.
Sambandet har hatt ein planlagt produksjon i perioden 1. januar – 8. mai på 10 678 avgangar. I same periode var det 341 kansellerte turar, og regulariteten har vore på 96,8 pst. Sjølv om regulariteten blir sterkt påverka av enkelte hendingar og enkelte dagar med mange kanselleringar, er eg ikkje nøgd med situasjonen.
Eg er kjent med at dei tekniske utfordringane som har oppstått på nokre av fartøya i april og mai, no blir vurderte. Tiltak blir sette i verk på alle fartøy, slik at ikkje same feil skal oppstå på andre fartøy. Statens vegvesen opplyser at dei følgjer opp kontrakten med Torghatten Nord AS og har stor merksemd mot at selskapet må få kontroll med dei tekniske utfordringane og at drifta skal samsvare med kontrakten. Avvik frå planlagt produksjon medfører økonomiske sanksjonar overfor selskapet.
I Meld. St. 33 (2016-2017) Nasjonal transportplan 2018-2029 er det lagt til grunn statlege midlar til anleggsstart på prosjektet E39 Ådland – Svegatjørn (Hordfast) i siste seksårsperiode. Under føresetnad av vesentlege kostnadsreduksjonar er det vurdert som aktuelt med anleggsstart med bompengar alt i første seksårsperiode.